Som før fortalt spolar eg meg ofte raskt gjennom Frukost-TV for å sjå om eg finn innslag av interesse. I dag var det to damer som presenterte ei kokebok for unge idrettsutøvarar. Det er for å få unge til å ete sunn mat og ikkje minst nok mat. På idrettslina lærer dei sjølvsagt om dette. Men mitt inntrykk er at for ungdommane er det eit ork å lage mat. Det skal gå kjapt. Mange er skeptiske til å ete poteter, men stiller ikkje spørsmål til retten nudlar.
Elles har eg eit inntrykk av at det er mange unge jenter som er opptatt av sunt kosthold. Men mødrene sine slankekurar passar kanskje ikkje for dei. Karbohydrat er eit skjellsord.
Det spørs om eg må bestille denne boka for å lære meir om mat og trening. Oppskriftene skal vere enkle og raske. Du kan lese meir på brødogkorn. Der finn du og ut kvar du kan kjøpe boka. På Haugen er den litt dyrare, men der er det portofritt om du bestiller for meir enn 250 kr, altså må du unne deg ei bok til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar