torsdag 29. juli 2010

Banan- og honningbrød

... eller gjer som Jamie

For nokre dagar sidan kjøpte eg nokre bananar i ein pose til 10 kr.  No hadde dei sett sine beste dagar.  I Jamie si kokebok fann eg ei oppskrift på bananbrød som eg fekk lyst å prøve.  Eg brukte foodprosessor og kjøkenmaskin.  Hevinga gjekk litt treigt, så i oppskrifta under anbefaler eg ein pakke fersk gjær.  Eg sette bollen på vekta og vog opp ingrediensane.  Spesielt med flytande honning synest eg det var praktisk.  Eg hadde i eit egg då deigen min vart litt fast.  Eg var og freista til å ha i litt smør, men heldt meg.

Eg starta med å hakke "ein neve", med meg vart det 125 g mandlar, i foodprosessoren.  Deretter mosa eg 6 bananar til dei vart ei suppe.

1 pk gjær
ein neve mandlar, kan sløyfast
6 1/2 dl mosa banan +vatn
60 g flytande honning
1/2 ss salt
(1 egg- mitt påfunn)
ca 1 kg kvitemjøl
---
honning til toppen

Bland alt i kjøkenmaskina og lat ho gå til deigen er glatt og fin.
Hev til dobbel storleik
Form 10 bollar (eg laga 12)
Legg dei tett i ei form.
Hev til dobbel storleik.
Drypp honning over brøda.
(Her kunne eg ha vore rausare.)
Steik ved 200 grader i 20 minutt.

1 kommentar:

Alt godt sa...

Dette brødet - med smør og brunost på, det måtte vel smake godt? Veldig smart, det du gjer med vekta. Eg gjer det med kaker når eg brukar flytande smør frå flaske. Fort som ein vind, og mykje mindre oppvask!