torsdag 25. oktober 2007

Entreprenørskap

I dag har eg vore på kurs på Hareid Hotell i entreprenørskap saman med ungdomsskulelærarar frå Hareid, Ulstein og Herøy. I tillegg var der ein lærar frå Folkestad. Kan det stemme at ho har I i engelsk og er i slekt? Ho såg i alle fall at I var lik på morsslekta også.......

No er det meininga at ungdomsskuleelevar skal starte og avslutte ei elevbedrift i løpet av 14 dagar. Kurset var nyttig og dei hadde mykje materiell vi skal få. Eit slikt opplegg må vere tverrfagleg.

Etter jul har eg tenkt at mine elevar skal få tenke ut eit produkt dei skal presentere, lage og selje gjennom kantina på skulen. Då deler eg dei i tre med 3-4 på kvar gruppe , slik at 2 grupper lagar middag og dessert og ei gruppe jobbar med kantine.

Ps
Fiskesuppa vi laga forrige veke var kjempegod!
Denne veka har vi laga pizza frå gamleboka og lært om vitaminar.
Dei fekk velje om dei ville ha grovt mjøl i botnen, det ville alle.
Elles laga vi bolognesesaus med gulrøter og selleri i tillegg til kjøtdeig, løk og tomat.
Den ekte pizzaen sparer vi til vegetarbuffeten i januar.
Då skal dei få velje vegetarmiddag sjølve.

3 kommentarer:

Besta sa...

Den fiskesuppa vart eg litt interessert i. Lurer på om ho er betre enn den eg plar lage?

solveig sa...

Nei! Du lagar ekte fiskesuppe.
Denne er "fransk" med heilt andre smakar, så dei kan ikkje samanliknast. Oppskrifta ligg lenger nede. Ein mager variant!?

arieldog sa...

Læraren du var på kurs med har Ing. i Mat og helse. Ho er gift med søskenbarnet til Harald, og er mora til ei som heiter Olaug på nrk.