tysdag 29. juni 2010

Dagens blomst 29. juni: Molte

Molte Rubus chamaemorus
På Hareidlandet er det myrlandskap, og ein finn molter mange stader.  Molteblomsten er særbu.  Det er eigne hann- og hoblomster.  Eg meiner eg lærte på gymnaset at dei raude var hannblomster.  I floraen min går det ikkje klart fram.

Molter er populære bær.  Dei inneheld både rikeleg med C-vitamin og benzosyre (naturleg konserveringsmiddel som ein og finn i tyttebær).  Det var derfor ideelt å ha med seg på sjøreiser mor skjørbuk.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg veit at molteplanten er særbu, derfor kan ein finne mykje lyng, men ikkje bær somme stader. At det skal vere skilnad på fargane på blomstrane, har eg aldri høyrt.Alle molteblomster eg har sett har vore kvite.I floraen kan eg lese "enkelte år blomstrer bare hannplantene".