søndag 6. juni 2010

10-årspokal

Hødd og Hareid har to ulike opplegg for fjelltrim.  Høddvarianten gir ulike poengsummar for kvar topp, alt etter kor høg han er, og så samlar ein poeng.  Øystein har fått over 500 poeng 10 år på rad og fekk derfor pokal i dag.  Det var oppmøte på Hasundhornet klokka 11.  Vi gjekk den lange råsa både opp og ned.

Hareid har eit litt anna opplegg.  Dei gøymer postar med ulike namn rundt om på øya.  Ein kjøper eit kart der postane er avmerka.  Olaug og Øystein nytta høvet til å finne ein post i dag.  Namnet skal vi ikkje røpe.


Ingen kommentarer: