torsdag 3. juni 2010

Bok 22: Sjølvbiografi

Då eg såg TV-intervjuet med Michael Nyquist der han fortalde om livet sitt, fekk eg lyst å lese boka. 

Boka startar med at foreldra til Michael tek han med på biltur til Italia når han er fem år.  Då får han vite at han er adoptert, og at det må han halde hemmeleg. Eit år etter skil foreldra seg. 

Vi følgjer teaterkarriera hans.  Og vi får høyre om forholdet til adoptivforeldra og dei biologiske foreldra.  Sine eigne kjærleiksforhold held han ein herleg distanse til.  Han slik mellom det personlege og det private, heldigvis. Språket er knapt og godt.

Dette er ei bok eg vil anbefale til blogglesarane.  Det er artig og spennande å lese om den italienske farsslekta hans som har si eiga spesielle historie.  Les denne artikkelen og les boka!

2 kommentarer:

Besta sa...

Vanlegvis er ikkje biografiar det eg helst les, men det finst unntak. Såg det TV-programmet du viser til,men sjølvsagt hugsar eg ikkje alt.Eg likar veldig godt denne skodespelaren, særlig vil eg framheve rolla hans i Så som i himmelen.

solveig sa...

Her må du gjere eit unntak!