tysdag 29. juni 2010

God reiskap er halve jobben?

Hagesaksene mine var i alle fall så dårlege at eg brukte dobbel tid på arbeidet.  Eg måtte vente på at dei sleppte ut att om de forstår kva eg meiner.  Så i dag tok eg meg ein tur på Bygger'n på Hareid.  Eg kjøpte like godt to ulike.  I tillegg vart det med ein reiskap til 10 kr.  Skal tru kva eg skal bruke den til?  Ei lita samanleggbar sag til 200 kr, fann eg ut var for dyr til dei villskota på rosa rugosaen som skal sagast vekk.  Men kva finn eg på Nille?  Ein billeg variant til ein tidel av prisen!  Eit par hagehanskar var ærendet dit. 

No har eg laga taco til gjengen.  To av dei for på Godøya.  Med så mykje nytt utstyr, gler eg meg til neste hageykt!

P.S.
Om nokon lurer på prisar, så betalte eg akkurat 200 kr på Bygger'n.  Hagehanskane kosta 10 kr paret, så på Nille vart det 40 kr.

2 kommentarer:

Besta sa...

God reiskap gjer halve jobben-eller noko liknande-heiter det, så får vi sjå om du blir fornøgd med det du kjøpte i dag.
Eg er i alle fall veldig fornøgd med knivane eg kjøpte i Ulsteinvik. I dag skulle eg steike pannekaker og skar flesk frå svoren med ein av dei. Det var heilt fabelaktig, har aldri sett så tynn svor før. Etter at eg hadde skore vekk flesket. Eg lurte litt sammalen kveite inn i pannekakerøra og det gikk heilt fint. Så fekk eg litt betre samvit. Pannekaker er jo ikkje akkurat slankemat.

Besta sa...

Unnskyld-eg hadde visst ikkje lese overskrifta di.