måndag 28. juni 2010

Hagedag

Eg er litt usikker på om eg har rota eller rydda i hagen i dag.  Eg har i alle fall styrt på.  Av alle blomster, trur eg peonar og roser er mine favorittar.  Dei kjem med sommar og ferie.  I dag hadde den første peonen sprotte ut.  Berre ein rosesort har kome med blomster til no.

Vi kallar denne Anne Kirstinerosa fordi vi har fått henne av Anne Kirstine.  Kanskje nokon veit der rette namnet?
Katten får kome ut, og Lucy vil vere der det skjer!
I dag fann Luvy på at ho ville klatre i tre.  Vi var mest spente på om ho ville kome seg ned att.  "Han kom i alle fall fort ned att", var kommentaren til han som hadde sleppt ut katten.  Eg trur granhekken såg ut som eit golv.  Men kattar kjem alltid ned på beina.
I dag har det vore ypperleg skvåsjver, litt regn og litt sol.

1 kommentar:

Besta sa...

Anne Kirstine-rosa kjem vel under kategorien "gamle roser"- og den er rotekte. Eg blei så lei av at den stakk så mykje at vi reiv vekk alt vi hadde av sorten. Naboens hage forandrar seg nesten ikkje, men vi plantar,flyttar, riv opp att, lagar nye åkrar, legg att gamle etc.etc. heile tida.Ja, det er no ikkje eg som GJER det, eg er berre planleggar.