I dag måtte vi til næraste by for å få tatt eit passbilde av frøkna. Vi stakk innom Mega i håp om at dei kanskje hadde ei krukke kruspersille. Det har eg ikkje sett her i bygda på mange veker. På Mega hadde dei begge dei også ruccolasalat. Så no har eg litt medan eg ventar på eigen avl.
Det blæs slik her i dag at det er lite freistande å jobbe ute i hagen. No håpar vi på finare ver til fjellturen i morgon.
2 kommentarer:
Kruspersille brukar eg ikkje ofte. Men eg sådde basilikum i to potter i vinduskarmen og ruccola ute. Alt spirer. Såg du hageprogrammet på NRK i går?
Kva slags Englandstur er det Olaug skal på ?
Olaug skal på korpstur. Persillen brukar eg til pynt på skulekjøkenet og grønt dryss. Heime gløymer eg det ofte. Men kaninene elskar det!
Legg inn en kommentar