I dag har systra mi fødselsdag. Berre vent, sa eg i dag tidleg! No har eg funne fram nokre bilde frå 1978. Eg hadde tatt over som familiefotograf. Desse første bilda er frå 10-årsdagen hennar. Kista er gåvebord.
Gjestene.
Dette er gjengen i gata ein annan dag.
Margrete var minst og dyreinteressert. Ho var nok i rette alderen for Legoland det året. Frøkna her i huset har ein del til felles med tanta!
Vi gratulerer!
1 kommentar:
Artig å sjå desse bilda. Eg har dei ikkje sjølv, det eg veit om.Når eg ser kor fin Margrete er på håret, kjem i hug at veninnene var misunnelig på henne fordi ho hadde ein far som var FRISØR. Det var ikkje ofte de var hos proff-frisør. Stakkars barn!!!!!
Og så ser eg att dei gamle møblane og gardinene, ei anna tid og ein annan stil.Rart å sjå att ungane i gata og tenke på kva det har vorte av de dei.No er her nesten berre gamle folk att.
Legg inn en kommentar