fredag 4. januar 2008

Meir om vedkomfyren

I jula las eg ein del historie i boka Vossamat, og undra meg over at vedkomfyren kom dit så seint. I heimen hennar (Martine Støylen)fekk dei komfyr i 1892. "Då var det mange i bygda som kom kom til dei med deigen sin og ville steike han."

Denne veka fekk Øystein Årbok for Sunnmøre 2007. Der er det eit eige kapittel om eldstader. Der skriv dei at overgang frå kokeomn til steikeomn skjedde gradvis frå 1870-80-åra og fram til godt etter 1900.

I boka "Ta kaka" skriv dei at støypejernskomfyren kom til Bergen i 1840, og at han 60 år seinare er komen inn på dei fleste gardane i Salten i Nordland.
Denne boka omhandlar alt husarbeid. Her les vi at vedkomfyrane vart ståande side om side med den elektriske ein periode. I 1939 hadde berre ein tredel av gardshusmødrene fått innlagt vatn på kjøkenet.
Dette er ein såkalla kokeomn med kokeskap. Skapet rundt kokeplatene var for å hindre at kjøkenet vart fult av damp. Mannen i huset var redd for at huset skulle mygle/rotne.
Ein tradisjonell støypejernskomfyr.

Eg har ein teori om kvifor dei var så seint ute på Voss.
Kan det ha vore fordi dei var sjølvberga?
Viss dei ikkje selde så mykje, hadde dei vel mindre pengar?
I Solund, der pappa meiner dei ikkje var seint ute, var dei fiskarar.
Dei hadde vel meir ujamne inntekter, og hadde kanskje større beløp mellom hendene innimellom?

2 kommentarer:

Besta sa...

Denne siste omnen liknar på den vi hadde då vi budde i brakka. På same tid hadde både tante og bestemor elektrisk komfyr i tillegg til vedkomfyren. På Eid var det ofte dårleg med elektrisitet vinters tid sidan dei berre hadde eit kommunalt kraftverk,derfor måtte ein ha muligheit til å koke med ved. På same tid vart det varmt og godt i kjøkkenet.

solveig sa...

Det du skriv, stemmer med bøkene. Ein fekk vel ikkje ubegrensa med straum heller. Eg hugsar den tida det stod ei raud nål på straummålaren. Det over var vel overforbruk og måtte betalast meir for. Så til oppvarming vart det vedfyring, og ein heldt seg vel meir på kjøkenet enn i stova. Då var nok vedkomfyren god å ha.