onsdag 6. oktober 2010

Dei kallar det DEAL

 Eg kallar det "å få attpå".  Reint formelt heiter det "tilgift".  Det har eg lært på bloggen til Alt godt. I dag kjøpte eg eit av oktobertilboda, mest for å ha ein illustrasjon til bloggen.  For denne månaden kan eg puste ut.  Ingen av dei tre tilboda er særleg freistande for meg.

I september derimot fylte eg matboda med ein haug tortillalefser og nokre pakkar Baligryte.  Nokre kjøtdeigar fann vegen ned i frysaren, sjølv om eg har lova meg sjølv å ikkje fryse kjøtdeig.

I august var det "to for ein".  Det finn ein framleis spor etter i frysaren min i form av kokt skinke og oppskoren ost.  Leverposteinen, ja nokre var innom frysaren, forsvann fort.

For de må ikkje tru at eg kastar mat!  Eg berre hamstrar!  Er det studenttida, eller den tida eg metta ein familie på seks med ei inntekt, som sit i meg?  Eller er det endå meir primitive instinkt.  Ville ungane mine hatt større sjanse til å overleve i tidlegare tider.  Forretningane utnytter i alle fall dette, for dei gjer ikkje noko som ikkje løner seg, for dei.
No håper eg at dei heller slår seg på slike tilbod som "Kjøp to esker druer og betal for ei".  Vi kan kjøpe akkurat så mykje vil treng og kose oss dei to vekene tilbodet varer.  Eller vent no litt, er ikkje druene det beste i frosen tropisk blanding?

Ingen kommentarer: