søndag 9. september 2007

Eplekake


I dag har eg laga mat og høyrt "Dyp" av Henning Mankell.

Først laga eg eplekake frå den nye kokeboka for ungdomsskulen, så laga eg omnsteikte grønsaker og steikte nakkekotelettar til. Eg tok beinet av kotelettane og delte dei i to før eg steikte dei. Beina la eg i ein plastpose med eit par teskeier salt, så vert dei suppekraft seinare i veka.

Einar er heime frå Bodø, og han er spesielt glad i eplekake.

Eg brukar å seie det finst tre typar elevar; dei som vil ha eplekake utan eple, dei som likar eplekake og dei som spør om å få krem til........

Oppskrifta var grei, der var nøtter og rosiner i også. Dette er dobbel porsjon.

3 kommentarer:

Besta sa...

LEGG GJERNE INN OPPSKRIFRA PÅ EPLEKAKA.KAN VERE KJEKT Å PRØVE EIN ANNAN TYPE ENN DEN GAMLE SKULEKJKKENOPPSKRIFTA SOM EG PLAR BRUKE.

sas sa...

Kjekt å sjå at det er liv i dykk på Hareide også. Kanskje det blir blogg på oss også. Eplekaka såg god ut, her blir det helst eplepai/helst med mørdeig - ein sjeldan gong - i og med at besten i huset vil ha mykje eple og lite deig. Han blir 66 i okt, så då blir det vel eplekake. Elles er det mange bursdagar å feire her hjå oss, så kaker blir det vel helst for mykje av. Olaug ser ut til å bli ei stor og fin jente, ja tida går så altfor fort. Hels alle.
Onkel og tante på Eid

solveig sa...

Mi yndlingeplekake lagar eg i den største eldfaste forma med masse eple og så ein smuldredeig med nøtter, smør og sukker.NB! Det må vere meierismør. Eg håper eg har fri fredag, då skal eg lage den og publisere oppskrift. I sommar hadde eg eple, pære og fersken i botnen. Rosiner er også godt.
Einar og onkel Svein har ein ting til felles....... Og så må det vere krem på.