søndag 9. september 2007

Kokebok for alle


I år har alle 93-modellane fått seg ny, flott kokebok.
Dei har fornya "Frå bollar til burritos".
Elevane mine har den med på skulen kvar gong, og vi brukar den mest muleg.

Kva skil den nye frå den gamle?
Først og fremst er ho ryddigare og har større bilde.
Der er lagt til mange nye spennande rettar med grønsaker i.
Det har vorte sagt at nordmenn godt kunne byte ut poteta med andre grønsaker.
Denne boka viser korleis.

Oppskriftene er grovare. Forrige veke laga vi vaflar med havregryn.
Dei var lette å steike og smakte kjempegodt.
Komande veke skal vi lære å lage grove rundstykke. Dei er også med havregryn.

Nokre sider saknar eg allereie t.d. sidene om frukt og bær og saft og sylting.
Elles er faktasidene om gjærbakst vekke.

Det skal visst vere råd å kjøpe bokmålsutgava for ca 100 kr.
Neste år vert det vel fleire i slekta som får den. Var ikkje 94 eit godt år?

4 kommentarer:

Elin sa...

Hallo! Med så mykje godt matprat, må du legge ut oppskriftene! Lag deg ein eigen matlink...Og velkomen og lukke til som bloggar!

solveig sa...

Eg lurer på å be Sylvia Brustad om å legge ut heile boka på nett.
Kommunene får kjøpe boka for 32.50,
ei flott julegåve til dei tilsette!
Eg får prøve å scanne/ta bilde.
Linkar m.m får vi ta etter kvart. Det vert ein del prøving og feiling i byrjinga.
Solveig

arieldog sa...

Gratulerer med fin blogg! Spørs om vi må til vi òg, sjølv om vi allereie sit nok framfor dataen.

Besta sa...

Apropos Margrete.......
Eg sit mindre frafor dataen etter at eg fekk blogg. Det vert færre og kortare mailar og mindre chatting.