måndag 24. september 2007

MINNESTEINEN I SCALLOWAY, SHETLAND





Søndag 23.september kom Øystein att frå ein 12-dagars tur til Shetland, Orknøyane og Skottland (med endestasjon i London). I Scalloway fann han denne minnesteinen over dei nordmennene som omkom på Shetlandsbussane sine turar over Nordsjøen. Ein av desse var Sjur Olai Trovåg, som var mannskap ombord i Brattholm. Kvar kommune som miste folk i denne trafikken under krigen, sende ein stein som dette monumentet er bygd av.
Elles var folket i Scalloway svært medvitne om det tette sambandet mellom Shetland og Noreg. Og det var fleire av dei litt eldre innbyggjararane som kunne snakke ganske godt norsk.
Ø

3 kommentarer:

arieldog sa...

Det var ein flott minnestein! Ser fram til å høyre og sjå meir frå turen til Øystein.

Besta sa...

Litt rart å finne kjende namn på ein minnestein så langt heimefrå?
Las om deg i Sunnmørsposten i dag. Ser fram til å lese boka.O

arieldog sa...

Julegåvetips: "Rabarbrakrigen" av ØO. Ser verkeleg spennande ut!