måndag 17. september 2007

Nye lydbøker


Måndagane er biblioteket ope til 19, så det passar godt å gå seg ein ettermiddagstur då.

Forrige veke leverte eg berre inn ei bok utan å finne noko nytt å lese.
I dag hadde dei heldigvis fått inn ny forsyning med lydbøker.
Det var nesten vanskeleg å velje!
Eg har nettopp lese ut "Dyp" av Mankell,
og det vert nok til at eg startar på "Leopardens øye" i morgon.


Det er plass til 4 bøker på MP3-spelaren min.
Olaug fekk arve den det berre var plass til ei bok på.
Eg høyrer ca 1 CD kvar dag. Det vert mest når eg går i staden for å sykle.
Vaskedagen rekk eg 2....

4 kommentarer:

Besta sa...

Leopardens øye har eg lese for lenge sidan, likedan Dyp.Men dei to andre bøkene på bildet greier eg ikkje å lese tittelen på. Eg har så og seie lese ut BIZNIZ av Stein Morten Lier- norsk krim. Så har eg liggande De elendige (Les miserables) og Idioten (Dostojevskij)- på tide dei får inn nye bøker !!!No har eg lese alle dei har!!!!

solveig sa...

Engelen på det sjuende trinn av Frank Mc Court.Pulizerpris, amerikansk krtikerpris Årets bok i Time og Newsweek."Menn som hater kvinner" Stieg Larson.
No skal eg gå meg ein tur bort på skulen å hente MP3-en.La den att då eg måtte ta meg 1/2 time fri frå Prinsdalkurs for å hente Audun frå segling for å nå ferje til Aafk 2- kampen i dag. Det er berre ein ting som er viktigare enn jobb;fotball....

arieldog sa...

"Engelen på det sjuende trinn" er min favoritt for tida - eg las den på engelsk, så eg fekk inn litt irsk-engelsk òg. No held eg på med framhaldsboka "'Tis", og eg har liggande den tredje ("Teacher Man"). Eg kjøpte dessutan filmen til den første boka, så den skal du få låne.

solveig sa...

Eg såg alle prisane, og tenkte den måtte vere god. Må lese ferdig Mankellboka først, vert vel eit innhogg i morgon. Alltid kjekt med film etter å ha lese boka!