laurdag 15. september 2007

Smuldrepai med eple

Einar reiste til Trondheim torsdag, så det vart ikkje laga nokon stor eplepai.
Han skal vere der eit par dagar før han reiser til Bodø att.
Men oppskrifta skal de få. Eg får legge til bilde ein annan gong. (Det innlegget finn de her)

Eplepai

2 dl kveitemjøl
2-3 ms sukker
(1/2 dl nøttekjernar)
75 g smør

Fyll:
500 g eple
1/2 dl sukker

1. Set omnen på 225 grader. Smør ei paiform.
2. (Mal nøttene) Bland alle ingrediensane i ein foodprosessor.
Køyr på middels fart til deigen er grovknudrete.
3. Skrell epla og skjer dei i båtar/bitar og legg dei i forma.
Dryss på sukker og fordel deigen over.
4. Steik ca 25 minutt.

Dette er oppskrifta eg tek utgangspunkt i når eg lagar smuldrepai.
Til ei stor lasagneform gongar eg eplefyllet med tre og doblar smuldredeigen.
Eg brukar alltid meierismør - ikkje margarin.
Viss ein har litt rosiner i, svell dei ut med væske frå epla.

Server denne kaka lunken med krem til!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg veit at denne eplepaien er kjempegod. Men slikt er ikkje kvardagsmat her i huset, som du vel veit.Kjekt å ha oppskrifta, og no har vi eple i hagen.

sas sa...

Takk for oppskrifta, skal prøve den. Eidabesta