fredag 28. september 2007

Solveig sjuk


Det starta onsdag ettermiddag med at det var eit ork å lette på seg i 5-tida for å vaske kle.
Eg trudde eg berre var slapp. Dagen før var eg i full form og gjekk rundt vatnet saman med ei venninne.Så eg unte meg ein sløv ettemiddag. Dessverre gløste eg på eit jordmorprogram samtidig som eg var på nettet.Det resulterte i at eg svima av. (Sist eg svima av var då dei tvinga meg til å dusje etter at Audun var fødd"Må eg?Eg kjem til å svime av?" Det vart avfeia, og eg veit ikkje kven som var bleikast då eg svima av. Dette er altså snart 18 år sidan).
Så vart eg kvalm og kasta opp to gongar i løpet av kvelden. Eg sat i stolen og halvsov og var kvalm. (Sist eg kasta opp er 14 år sidan.)
Torsdag morgon sat eg med telefonkatalogen i handa og penn og papir i den andre for å skrive vikarinstruks. Men så fekk eg lyst på mat og kom meg litt. Eg hadde tre timar der eg også tok imot varer. Eg prøvde å løfte ein mjølpakning, men fekk fort ein elev til å hjelpe meg. Etter at den siste eleven gjekk ut døra, måtte eg sette meg ned for å ikkje svime av.
Så køyrde eg heim og orka ikkje sitte i ein stol, men låg for det meste i sofaen resten av dagen.
(Sist eg låg i sofaen var ved millenniumskiftet.) Tilsaman tok eg 5 paracet, utan at det hjelpte
mot hovudverk.
I dag er eg mykje betre. Eg har ete og drukke kaffi. (Var hovudverken kaffiabstinens?)
Eg er framleis svimmel og sveittar lett, men det er bagatellar!
Konklusjon: Eg er sjeldan sjuk, og har berre godt av å bli det for å sette pris på å vere frisk!
s

1 kommentar:

Milena sa...

Uff,da...det høyres ikkje bra ut...
God bedring til deg.
Var på Overåsanden i dag også,satt ved sjøen,hørte på fugla og hadde det bra.
To heile daga med sola!!!!
God helg!