laurdag 15. november 2008

Brotet


(Nei, det er ikkje strikketøy det handlar om.)


Denne boka har lagt på MP3-spelaren min nokre månader. Det er ei faktabok om heilage krigarar, talibal m.m.

Det som eg trudde skulle bli eit ork å kome igjennom, viste seg å bli interessant. Etter å ha lese mange bøker frå Afganistan, var det greit å få historia forklart av ekspertar.

Viss eg skulle henge meg opp i ei setning, så måtte det bli "Det å gjere seg til ven med fiendens fiende, er ein farleg strategi". Vi veit nok for lite om dei USA har alliert seg med.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det er om lag det som står i Håvamål:
Venen sin skal ein ven vera, honom og hans ven
Men med uvens ven venskap halda
høver ikkje for fagnafolk.
(Fritt etter eige minne)

solveig sa...

Med sin uvens uven.... To minus gjev ikkje pluss her. USA har støtta Taliban sine fiendar, men dei har også ein del svin på skogen.