torsdag 27. november 2008

Storfangst

I går fekk eg brosjyrer frå to bokhandlarar i postkassa. Der var mange bøker eg kunne tenke meg. Ja, ja, tenkte eg, viss eg er heldig finn eg dei på biblioteket i næraste framtid. Det hadde vorte bøker for fleire tusen kroner for å seie det sånn.
---
Inne på biblioteket ser eg ei eg kjenner godt, legge ein haug med lydbøker på disken. Ho hadde fleire heime også, sa ho. Vi kom i prat. Eg såg fort at her hadde ho bøker eg kunne tenke meg. Så ser eg Marklundboka på stativet. Eg var snar å rappe den til meg. " Ååå, den kunne eg tenke meg", utbryt ho. Kva gjer eg? Tek på smilet sjølvsagt. No var eg heldig.
---
Bibliotekaren var litt i stuss. "Først til mølla", seier han. "Du får den att laurdag eller måndag", seier eg. Dama og eg forlet biblioteket som gode vener.
---
No vert det nok til at eg les den først. Anne Holt-boka vert nok lagt til side med så mykje god litteratur i huset.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg trur eg har lese Nesbø si bok, men ikkje dei to andre. Nesbø likar eg ikkje så veldig godt. Staalesen skal eg ikkje om tale meir, men Liza Marklund er god.Eg fekk to bøker frå Volda bibliotek med Marit, men må ha meg ein tur på biblio så snart vi får att bilen. Sist var der veldig lite å velje i.

solveig sa...

Det gjeld visst å vere der på rett tidspunkt!

arieldog sa...

Og å vere passe frekk... Gratulerer! Du er tøff!