laurdag 29. november 2008

Fort gjort å dille vekk ein dag

Eg var heimeverande nokre år. Då vart det bakt både 7 og 10 sortar småkaker. Kor mange prosent jobb eg har jobba denne veka, veit eg ikkje, men det er godt over 100. Englevingane (senebetennelse i skuldrane) veks, og eg må berre slakke ned på arbeid heime. Matlaging, klesvask og husvask slepp ein stort sett ikkje unna. No verkar det som "alle" skal tene pengar på å selje småkaker. Keeperen kom heim med eit lager han skal selje til inntekt for vidaregåande.(!!!!!)

Her i huset brukar vi ikkje "kaffimat". Vi drikk kaffi etter middag og etter kvelds. Småkaker vert det dermed ete lite av. Men det er ein sort eg er glad i; smultringar. Svigermora mi laga verdas beste. No er ikkje bakaren sine heilt å forakte heller.........
I dag var eg ned att på biblioteket med Marklundboka. Og kven møter eg på fem minutt etter
på Prix? Jau, ho som gjerne ville ha boka. No er det berre å smette seg bort å låne boka, sa eg. Ho stod på liste, sa ho, på den og ein haug andre bøker.


Olaug og eg kjøpte lilla lys og lodd av henne. Eg var sikker på at det var ein vaskeklut, og ville ikkje opne pakken før vi kom heim. Men det var eit skjerf i min blåfarge. Eg kan ha det rundt halsen når eg går tur.

Vel heime, høyrer eg at det er verdas kjøpefrie dag. Kvifor sa ingen det i går? Eller er det eg som ikkje følgjer med?
Konfirmanten og faren er i Ørskog og spelar innandørsfotball. Det har vore suksess, så dei får spele ein dag til.
Keeperen er i bya og spelar fotball i ein cup der.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Har eg fortalt om i fjor, då ein kollega og eg trudde at "handlefri dag" var ein fridag for å handle?

solveig sa...

Høyrest betre ut! Vi kjøpte ikkje så mykje, berre rekogniserte litt........