laurdag 1. november 2008

I full flamme

Om det var eit forsøk på å varme fiskegrateng i folieforma som gjorde at det flamma opp kvar gong vi ville ta i bruk microen, veit vi ikkje. No har han i alle fall takka for seg. Det vart fort tungvint å greie seg utan. Eg lagar som regel minst ein middagsporsjon ekstra som vert kveldsmat til den som vil ha. Dei to yngste visste heller ikkje at ein kan lage ostesmørbrød i steikeomnen.
Det er ikkje kjekt å gå ned i standard, sjølv om ein veit at alle mikrobølgjeomnar kan varme vatn og steike ostesmørbrød. I denne omnen kunne ein steike pizza. Det hadde eg aldri høyrt om før.
Så det måtte prøvast! Noko anna er om det blir ein vane. Å varme ferdigpizza burde gå raskt og bruke mindre straum enn i steikeomn.

Det følgde med ein perm med oppskrifter. Inni den sette eg også bruksanvisninga og garantien.

To slike lok kan brukast til å legge over middag. Lapskaus har til dømes ein tendens til å sprute og grise til.
Det store spørsmålet er kor lenge vi hadde den gamle. 5 år vart foreslått. Eg meiner den må vere nærare 15. Denne kosta 2000 kr. Den gamle var sikkert nesten dobbelt så dyr?



3 kommentarer:

arieldog sa...

Ein generell kommentar: "less is more"

Besta sa...

Brann i mikroen er ganske vanleg her i huset. Metall skal IKKJE i mikroen. Eg kan ikkje ein gong varme kaffi i tigerkruset mitt.Spør døtra di-ho har sikkert opplevd div. brannar når eg har prøvd å varme Nugatti t.d. Vi har vår 4.mikrobølgeomn, men den første er framleis i bruk i Kongsberg.Då den innebygde takka for seg, kjøpte vi ein laus til ca 600 kr. Innebyggingsovnane var over 4000kr.Vi brukar mikroen stort sett til oppvarming etc., så vi treng ikkje noko avansert.

solveig sa...

Her brann det når vi varma vatn. I tillegg kom det ein grusom lyd og ei grusom lukt.....