søndag 4. november 2007

Hareid i dag


I dag sette eg ei svinesteik i omnen og gjekk ein tur midt på dagen saman med ei venninne av meg. Det gjer godt å kome seg ut i sola. Vanlegvis går vi tur kvar tysdag halv åtte saman med dei av kollegaer og tidlegare kollegaer som dukkar opp. Forrige tysdag gjekk vi rundt vatnet i måneskin.

P.s. Eg hadde planer om å ta bilde inn mot Ørsta, men stygge telefonstolpar stod i vegen.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Så deilig med ein fineversdag! Og så ein søndag, til og med! Lars kom heim med ungane 11.00, og så måtte han på jobb 14.30. Då hadde han kjørt meg opp i enden av skogsvegen, lagt om til vinterdekk og laga middag på den tida han var heime. Sjølv gjekk eg på setra med bikkjene og skogsvegen heimatt. Går tur halvannan time for dag i snitt. Skritt-teljaren min datt i badekaret medan eg fylte i til småungane, men den virkar enno.

Besta sa...

Kjenner meg ikkje att på det nedste bilde, og forstår ikkje kvar de var då du skulle ta bilde mot ØRSTA ????
Litt sein start på ombygginga av skulen.Det blir vel berre så vidt Olaug får gå der????

solveig sa...

Vartdalsfjella er vel meir presis.
Det ser ut som det er snø langt ned i fjella i Ørsta?!

Besta sa...

Det har no snøa heilt ned her, men det var forrige veke. No er det snø berre på toppane, men det varierer frå dag til dag. No blæs og regnar det etter at det var nydelig ver i går.