søndag 4. november 2007

Handarbeid

Då vi fekk dei nye stolane i hus forrige helg, fekk eg ein idé om at det hadde vore fint med eit gammaldags hekleteppe i eine stolen. No har eg tatt fram heklekroken og gjeve meg sjølv løyve til å hekle ei rute for dag og feste trådane. (Eg har ei vond skulder som eg ikkje bør irritere.)

Det eg ikkje veit, er korleis eg skal feste dei saman. Skal eg sy eller hekle saman? Her tek eg imot tips. Korleis går det med strikkemor(o) sitt?

5 kommentarer:

Besta sa...

Lykke til med lappane. Eg begynte på eit prosjekt eg og,ein gong, så eg har nokre slike lappar i leikekassa.(Dokkeutstyr).Eg trur dei skal heklast saman-men veit det ikkje.
Håper det vert opplett i morgon også slik at vi får sette tulipanløkane som vi kjøpte til halv pris!!
Blir for dyrt med kunstige UTE.

solveig sa...

Eg har vore sløv på løkar i år. I vår rundt påsketider kjøpte eg fleire sortar framdrivne og hadde i krukker. Eg grov dei ned i blomsterbeda etterpå. Men kvar?

Besta sa...

Same kvar du har greve løkane ned så dukkar dei nok opp att til våren. Vi grov opp alle våre, men fekk dei ned i jorda att. Så vi kjøpte berre litt påfyll- nye sortar og nye fargar.

STRIKKEMOR(O) sa...

Oldemorsrutene ser veldig fine ut, nydelege fargar! Eg har ein god del slike fargar liggande eg og, men har ikkje bestemt meg for om eg skal hekle eit teppe i striper fram og tilbake eller hekle oldemorsruter. Du kan både sy og hekle dei saman. Det er litt arbeid med å feste trådar og sy/hekle saman, men det er veldig koseleg med slike tepper.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har jo forresten nokre slike lappar liggande i bomull hmmm....Eg må nok ta å lage dei ferdige(trur det skal bli ei pute), men det blir kanskje etter jul...