tysdag 11. august 2009

Trondheimssuppe


Sidan eg hadde framme den gamle kokeboka mi frå 1985, vart eg sittande å bla i den. Det er artig å sjå korleis utvalet av matrettar har endra seg sidan 80-talet.
---
Ei suppeoppskrift har eg alltid undra meg over, nemleg Trondheimssuppe, ei merkeleg blanding av saft og mjølk, ris og svisker. Eg har også ein ide om at bror min laga den på heimkunnskap på 70-talet. No når eg har ripssaft, passar det godt å prøve.
---
No har eg laga suppa rett etter oppskrifta og servert den med ein klatt Crème Fraîche i.
---
Det er vanskeleg å vurdere ein matrett ein ikkje veit korleis dei som er vane med den, lagar den. Så eg kan kun uttale meg om oppskrifta. For det første var smaken uvant. Eg synest suppa var tynn, så eg ville hatt meir jamning i. Når det er sagt, så må eg berre innrømme at eg godt kunne ha ete ein porsjon til.

Kanskje det finst blogglesarar som har eit forhold til Trondheimssuppa?
Reaksjon frå gjengen:
- Trondheimssuppe? Hæ! Rosenborg?

10 kommentarer:

Besta sa...

Eg brukte å lage denne suppa av og til då de var små, men det har de vel gløymt.Eg likte suppa.Trur eg brukte oppskrifta i"Stabekk-boka" som eg meiner Margrete har overtatt.

solveig sa...

Eg kan no sjekke andre oppskrifter. Eg ville hatt litt meir mjøl i, t.d trur eg.
Elles kan eg ikkje hugse å ha ete suppa heime, men der ligg noko langt baki som eg knytta til bror min....

Besta sa...

Eg kan ikkje hugse korleis eg laga den, men pappa og eg snakka akkurat om den suppa. Kan ikkje hugse om det var då de var her.Han meinte dei brukte byggryn i den, og det trur eg nesten mamma gjorde også, men ikkje eg. Eg laga den nokre gonger mens vi budde på Melle, så det er VELDIG lenge sidan.

Besta sa...

PS:Eg har sjekka nettet, mange oppskrifter der.Kokebøker er avlegs!(Det skriv eg berre for å provosere)

solveig sa...

Eg er glad i å bla i kokebøker for nye idear. No har eg tatt meg ei runde på nettet og søkt på Trondhjemssuppe. Eg ser at det varierer mellom svisker og rosiner, elles er oppskriftene ganske like.

Besta sa...

Der var ei oppskrift med byggryn også.....
Eg har blada mykje i kokeboka eg fekk med deg, og der er mange gode tips til "nye" rettar.Men eg stussar over at dei slår ut kokevatnet til grønnsakene?

arieldog sa...

Eg hugsar godt Trondhjemssuppe frå barndomen, berre så det er sagt! Suppe er godt, både salt og søt. Det foresvevar meg at det kanskje var ris i suppa eg hugsar, men det er kanskje fri fantasi frå mi side? Risengrynssuppe har alltid vore min favoritt, og blomkålsuppe er noko eg har blitt glad i ETTER barndomen... :)

Anonym sa...

Mormod hadde eddik i suppa i stedet for saft. Det er også godt.

Anonym sa...

I want to to thanκ you foг this excellent read!

! I certainly loved evеrу lіttle bit οf it.
I havе уou saved as a faνorіte to lοok at new thingѕ уou post…

my web-ѕite :: Arjun Kanuri

Anonym sa...

Hi fantaѕtic blog! Doеs running a blog such as this take a great dеal оf worκ?
I have virtually no eхpertise іn coding
but I was hoping to start my own blοg soοn.

Anуωays, if yоu haѵe any ideas oг technіques for new blog oωners pleaѕe
share. I knοw thiѕ is off toρiс nevertheless
I simply wanted to ask. Thanks!

My web page reputation management