onsdag 10. juni 2009

Bok 33: Amerikansk favoritt

Dette er den andre boka eg har lese av forfattaren. Den første kan de lese mi meining om her. Mor mi har også nettopp lese boka.

Dette er amerikansk krim med element av psykologisk thriller. Handlinga har trådar til Sovjetunionen og attende i tid.

Hovudpersonen, som vi vert kjend med i eg-person i nokre av kapitla, er advokat. Han arbeider med ei sak som ser opplagt ut, men han grev djupare for å finne sanninga. Bør dei skuldige straffast? Er sanninga så viktig at ungdommar skal få liva sine øydelagde, eller er det betre å leve på ei løgn? Desse spørsmåla går att.

Kven er skuldig? Kven har ansvar? Kan noko unnskyldast fordi ein er ung?

Eg synest parallellhandlingane fungerer godt. Romanen er spennande og set tankar i sving.

Når ein roman vert omsett til norsk, og seinare gjeven ut som lydbok, har den gått gjennom nokre nålauge. Forfattaren har no blitt ein av mine favorittar!

Språket er godt, og har snert i seg. Men å for å få fullt utbytte av det, burde ein vel ha lese boka på engelsk.
Les gjerne meir her.

2 kommentarer:

Besta sa...

Bokmeldingane våre er nokså ulike, dine er grundigare enn mine.Men eg reknar med at det som står på omslaget vert lese. Eigentleg er vi vel nokså enige om denne boka.Boka er god, både når det gjeld språk og innhald.

solveig sa...

Det er lite vits å kome med innhaldsreferat. Då får folk gå inn på linkane. Elles skriv eg mest om dei eg likar.