onsdag 28. juli 2010

Koffert

Det skal pakkast no, og eg begynte å tenke meg redd.  Kofferten eg har lånt dei siste åra, greeier eg så vidt å trille og balansere på flatt golv.  Kjem det ein kant, for ikkje å snakke om brustein, slit eg.  Kanskje det er på tide å kjøpe seg sin eigen koffert? Dama på Blåhuset anbefalte denne i middels storleik med fire hjul.  På flatt golv treng ein berre så vidt skubbe han.   I alle fall så lenge han er tom.

Har eg nokon gong eigd ein koffert før?  Kanskje Besta hugsar det?

3 kommentarer:

Besta sa...

Nei, eg kan ikkje tru du har eigd ein koffert nokon gong. I gamle dagar då vi berre reiste med buss og båt hadde alle koffert, men etter som ein fekk eigne bilar vart det ein annan måte å pakke på. Vi brukte koffert den tid heile familien reiste på camping, men det var vel dei gamle koffertane frå vår ungdom-

Alt godt sa...

Den der er kjempefin, eg kjøpte ein slik til mor mi i gåve, og ho likar den veldig godt. Kunsten er å ikkje pakke for mykje. Finn antrekk som passar saman, og pakk litt mindre enn du trur du treng. :-)

Eg har enkelte gongar teke med klede eg har tenkt å kaste, truser som er snart utslitne og slikt. Så hiv eg dei før eg reiser heim.
Til Egypt og Nepal pakka vi klede til ungane som var nesten for små. Då vi dro ga vi dei bort. I begge tilfella var det hushjelpene våre som fekk overta kleda, og gje dei til barn dei kjende.

solveig sa...

Hm, det gjer eg og. På "Camping" eller der ein må ha med handdukar, tek eg med nokre gamle som eg kastar etter kvart.
Godt tips med barnekle. Her er det søskenbarna som nyt godt av overfloda. Spesielt rimelege jentekle hopar seg opp. Men no er snart alle her utvaksne.
Eg hugsar då eg var i Marokko for ca 25 år sidan. Då tigga borna joggesko.
I år skal vi berre til hovudstaden, siste stykket med buss. Vi bur på hotell. Eg pakkar etter vermeldinga, og skjer det seg, er det alltids kle å få tak i.