søndag 11. januar 2009

Middagstips

No er det lenge sidan vi har ete kotelettar. I perioder har vi ete kotelettar minst ein gong, gjerne midt i, veka. I jula har svinesteik vore populært.

Born, viss ein kan kalle dei det her, er ikkje alltid så glad i bein. Eg har funne ut at ein like godt kan skjere vekk beina og dele kotelettane i to. Då vert det lettare å forsyne seg. Kotelettane steiker eg først i panna, og så ettersteiker eg dei anten under lok eller i steikeomnen.

Beina puttar eg i ein plastpose og drysser på ei teskei salt. Etter tre dagar kokar eg kraft på beina og lagar suppe, eller så frys eg dei ned. Eg har nemleg oppdaga at kjøtbollane i suppa er meir populære enn kjøtet. Men ein må ha god kraft.






Desserten skulle eg til å kalle årets siste riskrem, sjølv om det streng tatt er årets første. Fløyten var innkjøpt til nyttår, og i dag var det siste frist til å lage noko godt av den.



6 kommentarer:

arieldog sa...

Vi hadde også kotelettar i dag - marinerte med m.a. appelsinjuice og ettersteikte i steikomn på ei "seng" av grønsaker og litt fløyte. Som tilbehør hadde vi ris. Eigentleg hadde eg tenkt å ha poteter og surkål til på gammaldags vis, men som regel endar vi opp med denne varianten.

Elin sa...

Hmm, dette var no interessant, men kva med gleda over å "gnage bein"? Her i huset er det ikkje berre hunden som diggar det, hehe...
Og i dag prøvde eg fiskeretten din, poteter og grønsaker nedst og laksekotelettar på toppen. Eg hoppa over smøret øvst, men det hadde heilt sikkert gjort seg...Har fått nytt batteri i badevekta, og det var lite lysteleg!

solveig sa...

Vi hadde poteter, grønsaker, svisker og peparsaus frå pose til, magrare enn bernaise. Marinering må planleggast litt meir.

Anlen sa...

Bygget nedanfor oss vert vel ferdig. Kanskje:) Eg syns det tek litt lang tid, men no har sjefen sjølv (OAV) sagt at det skal vere klart i slutten av januar. Vi får tru at dei klarer det.

Det var ok å vere der og vaske ned, så fekk eg sjå litt ekstra på korleis det skal verte!

Det ser godt ut med kotelettar:) Vi hadde fårikål!

solveig sa...

Øystein meinte det stod mykje att, og at det berre var læraravdelinga dei vaska.
Ungdomsskulen gjorde dei ferdig på 1/2 år, skulekjøkenet vart ferdig før jul, hugsar eg.
Eg sykla mellom Bigsetskulen og barneskulen. Det var travelt. Det regna heile hausten.
Vi hadde nok ein mykje meir kommerleg situasjon. Men tempoet til byggelaga var imponerande.

Besta sa...

Vi hadde "bestas kjøttkaker" til middag i dag- det er vel gammaldags mat?Veninna mi i Fredrikstad hadde også heimelaga kjøttkaker med erterstuing, så Solveig har viss inspirert nokon kvar av oss.Vi må ikkje gløyme den gode, gamle norske maten! NB: Vi hadde pizza på fredag!