laurdag 26. september 2009

Gratis ferje

I min oppvekst var vi i Trovågen kvar sommar. Dei første åra var det litt av ei Amerikareise med båt til Bergen først. Ein gong leigde vi til og med småfly. Vi var vitne til vegbygging ein sommar. Som ein kuriositet kan eg nemne at det var onkelen til Øystein (gift med søstra til mor hans) som stakk ut vegane i ytre Solund.

Så starta onkelen min (bror til far min) opp med ferje! Då kunne vi ta bil heilt ut. Eg hugsar plankane som var ferjelem. Dei var tilpassa hjula til kvar bil. Tidene har endra seg.

I dag dukka gårsdagens Firda opp i postkassa, og vi kan lese om gratis ferje frå 1. januar.






3 kommentarer:

arieldog sa...

Artig! Og så var det tilfeldig at den avisa kom til dykk? Eg synest det er morosamt at du hugsar så mykje meir frå barndomen vår, berre fordi du er nokre få år eldre.

Besta sa...

Fem års aldersskilnad betyr mykje tidleg i livet.Eg hadde hatt lyst til å arrestert Siv som klagar på bompengar.På våre kantar av landet er vel ferjekostnadane eit større "problem".Eigentleg skulle vel alle vegar, også ferjevegar, vore gratis.Vegen gjennom Fjærland blir gratis neste år. Nedbetalt med bompengar.Firda skal vere ei god avis, og Jorunn,mora til Olaug Nilsen, er informert om kven som skal begynne der.

solveig sa...

Eg er redd for å skrive for mange detaljar. Minnet kan spele ein diverse puss. Journalisten har fått Firda ei stund. Frå midten av oktober skal han jobbe der. Møblert leilegheit står klar.