I dag har eg sett 5. del i serien i opptak. Og som vanleg har eg gjort meg nokre tankar.
Konsekvent?Den unge læraren seier det rett ut; han likar ikkje å vere streng. Men no har dei laga eit system der kvar elev får med seg anten smilefjes eller merknad heim att. Ein gut fortel at han skal få belønning heime den dagen han får 20 slike smilefjes. Dessverre for han, fell han for freistinga til å kaste papirfly i timen. Denne situasjonen er ikkje på film. På slutten av dagen deler læraren ut arka. Guten får raserianfall fordi han ikkje får smilefjes.
Kva gjer ein lærar? Går etter han som er rasande, viss det ikkje er fare for at han skadar andre? Kva prioriterer læraren? Å ha eit godt forhold til eleven? I alle fall går han for å leite fram eit smilefjes. For oss som ser det heile utanfrå, er det vanskeleg å seie om læraren gjer det rette. Slike rasande elevar bør kanskje kjøle seg ned før dei, får ein håpe, innser at kasting av papirfly ikkje er smilefjesåtferd? Dei som skal oppsede born, anten det er foreldre eller lærarar, kan ikkje gå rundt å vere "populære" heile tida.
Juleavslutning i 1.klasseDet er rørande å sjå kor fint førsteklassingane stiller opp og syng. Ei stakkars lita jente kjem åleine. Eg synest det er rart at foreldra sender henne åleine. Dei kan ikkje ha forstått kva som skjer.
Fine kortSlike koselege kort har eg og liggande i ei skuffe frå den tida eg var lærar i barneskulen. Ho seier ho får ta dei fram ein dag ho treng dei. Eg forstår kva ho meiner.
Å ta på sparketKvar er lerretet? Er det ikkje verdkart i dette klasserommet? Kjem vi oss ikkje på nettet no? Slike ting lyt ein, som den unge kvinnlege læraren seier, ta på strak arm og finne løysingar
I tillegg til å ta opp nye tema, går livet sin vante gang. Det er vanskeleg å finne kvalifiserte vikarar t. d. Det vert halde foreldremøte. Ein far er negativ til meirarbeid for foreldra. Han vil ikkje ha nye ordningar. Dei har innført eit datasystem som gjer det lett å sende meldingar heim. Eg trur kanskje han snakkar for andre enn seg sjølv.