laurdag 4. april 2009

Nytt liv av daude gror

Under mottoet "Ein får gjort mykje på ein time", sette eg i gang å røske i beda i går klokka sju. No skal alt det daude vekk. Eg vart så ivrig at eg gjekk glipp av nokre talent.
Eg fann, eg fann! Eg har lurt på om dei kvite "pinseliljene" mine ville kome att i år.

I år som i fjor har eg planta litt forskjellige løkar i pottene mine. Påskeliljene kjem alltid att. Dei vert rett nok mindre, og dei forsvinn etter nokre år. Men med rikeleg påfyll frå grava og frå pottene, har eg alltids nok att. Dei kvite er minst dobbelt så dyre, og eg kjøper derfor som regel berre ei. Derfor er det spesielt artig at dei kjem att.
Nei, no kan eg ikkje sitte her. Huset er vaska medan skodda har letta. Eg rekk nok ein time før middag.



2 kommentarer:

Besta sa...

Vi hadde tidleg middag i dag, og etter at vi åt, har eg lagt på altanen og lese.Tek ingen sjansar når det gjeld sola, den plar ikkje vare så lenge. Skodde har vi ikkje hatt i dag.

arieldog sa...

Her var gyseleg skodde då vi reiste heimanfrå halv tolv i dag, men på Bjørkedalen og vidare skein sola.