fredag 30. oktober 2009

Dagens dikt

Heiter hylla di Ivar?
Eg har ei hylle som heiter Ivar.
Eg har eit bord som heiter Kjell,
mens sofaen eg ligg i,
den heiter Isabell.

Eg har ei lampe som heiter Tommy,
og nattbordet Jonatann,
senga eg søv søtt i,
den heiter Mimiann.

Eg ynkar, stønnar og ber meg,
eg er ein einsleg og vilter ramn
som hoppar til sengs med ei seng,
ei seng som har damenamn.

Eg rullar meg rundt i dynene
på Mimianns mjuke laken
gnir meg inntil ho,
men berre eg er naken.

Men så får eg ein kniv i ryggen,
så drepande og kvass,
for eg gløymde at det eg ligg på,
er Frode overmadrass.

Frå Jon Hjørnevik: I ein sofa frå Korea - dikt i utsal,
Det norske Samlaget 2001

4 kommentarer:

arieldog sa...

Stilig dikt og tittel på diktsamling. Sikkert inspirerande for elevar òg. Mi venninne Kristin kan forresten lett finne seg både lampar og bestikk, og det er lett å hugse kva bestikk ei anna venninne, Nina, samlar på.

solveig sa...

Eg er så glad for at klesklypene har skifta namn........
Elevane i år flira godt av dette diktet - dei tok det.

Besta sa...

På skulen vår heitte boss-stativa Katrin, og ei av jentene i klassen min hadde samme namnet.Det får vere grenser!Klesklypa Solveig er ikkje fullt så gale.

arieldog sa...

Ja, ein har no Idun ketsjup, Nora syltetøy, Gaute karamellpudding - sikkert mange andre som elevane kunne ha dikta vidare om.