Det er ei blomkålsuppe eg hugsar betre enn noko anna suppe eg har ete i heile mitt liv, nemleg den vi fekk servert i mormor sin 70-årsdag. Suppa var nok heilt vanleg, men det var omstendigheitene rundt den som gjorde inntrykk.. Det var fantastiske omgjevnader, og det å få kome ein slik stad hadde vi ikkje opplevd før.
På førehand hadde vi fått ein del formaningar. Det var verst for ho som ikkje likte blomkålsuppe. Ja, ja suppa kom i magen på faren, utan at det vart gjort noko nummer av det. Noko anna som var strengt forbode, var å spørje etter brus. Sjefen der var sterk motstandar av drikken, hadde vi fått høyre. Men brus kom på bordet, eg trur ho vart sjarmert av nokre brune auge.
Etter kvart vart det omvising i husa rundt. Himmelsengane var imponerande.
Så spørs det om andre har andre eller annleis minne!

Denne veka har eg vore lite heime, og det hadde hopa seg opp med grønsaker. Eg fann ut at eg ville lage ei suppe sidan vi skal i 50-årsdag seinare i kveld. Eg startar med å koke mesteparten av blomkålen og brokkolien i ei panne med vatn og litt salt. I den andre panna laga eg jamning og sper med vatn. I dag hadde eg ikkje kraft, så det vart buljong

Når grønsakene har kokt "ihel", mosar eg dei til ein puré med stavmiksaren. Puréen får koke i suppa. Den er då med å jamne suppa. I dag hadde eg fløyte i suppa. Med smør og mjøl i jamninga, er det ikkje ein mager variant. Men det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å bruke ristejamning og mjølk. Salt og pepar må til.

Eg sparer nokre små bukettar (det fremste) og koker dei i 3 minutt før eg har dei i suppa.

Vel bekomme!