laurdag 7. mars 2009

Nei, eg har ikkje begynt på julebaksten

Denne boka hadde eg ingen planar om å kjøpe. Eg har flust med julekakeoppskrifter. Så begynte eg å bla i boka, og fann mykje der interessant. 49 kroner!

Forfattaren har valt litt tradisjonelt, men og lagt vekt på at tidene endrar seg. Ho verkar engasjert. Oppskriftene verkar gjennomarbeidde. Mannen har tatt bilda, noko som sikkert er ein fordel tidsmessig.

Ja, så måtte eg prøve ei brødoppskrift då!
"Dette er de enkleste og mest lettvinte brødene jeg har på mitt repertoar", skriv ho, og kjem med forslag om alternativ til slutt: Med denne oppskriften som utgangspunkt, kan du lage helt fine eller enda litt grovere brød".
Dette er slik ei kokebok skal vere. Du må vise at du brenn for det du styrer med. Hadde eg vore forlagskonsulent, så hadde eg sendt attende bøker med oppskrifter der det er koppemål eller mjøl til passe deig. Eg ser korleis skjønnlitteraturforfattarar må arbeide med manuset sitt, så kvifor ikkje stille krav til kokebokforfattarar?
Poenget med desse brøda er at ein lagar kald deig og set i kjøleskåpet. Deigen skal vere laus og arbeidast minst muleg med både når ein lagar han, og når ein bakar han ut. Eg laga deigen raskt i brødbakemaskina og sette han i kjøleskåpet over natta. Etter heving ein time framme på benken, var det tid for forming.
Resultatet vart slik. Brødet skal ha store luftbobler. Eg spurde ein av karane kva han synest om brødet. "Bra". Var det noko spesielt med det? "Godt!". Brødet forsvann fort. No har eg sett ein kald landbrøddeig i kjøleskåpet til i morgon, så får vi sjå korleis det går!





Vis meg kjøkenet ditt...

og eg skal seie deg kven du er!
Eg veit ikkje om det er det som er meininga, men eg har i alle fall fått ei utfordring fra Anlen om å vise noko eg er fornøgd med på kjøkenet mitt. Finst det noko eg ikkje har vist fram før?
Kjøkenet vårt var nytt i desember 1992. Då var eg glad for å kunne velje furu framfor kvitt. Eg valde kvite knottar så dei kunne stå i stil med kvitevarene. Ulempa med furu er at det lett vert hakk i den.
Då eg gjekk på heimkunnskap i Bergen, var eg på besøk i eit "rikmannshus". Dei hadde skåp til kjøkenmaskina si. Den vart mitt store ønske då eg skulle få meg nytt kjøken. Det er praktisk å få vekk maskina, og det vert ikkje så tungt.

Denne maskina er i bruk både ein og to gongar om dagen. Det er mi tredje brødbakemaskin.


Ei slik hylle er det nok mange som har. (No ser eg at eit par hankar må snuast på...) Eg har krukker og litt andre ting også i dette mønsteret.

Når det gjeld tekstilar, er eg svært glad i handdukar frå Ekelund/Linneaspinneriet i Sverige. Desse to kjøpte eg i Arboga i sommar, og er kanskje av dei få souvenirane mine eg ikkje har lagt ut på bloggen?

Til slutt vil eg utfordre Ariel og Besta til å vise noko frå sitt kjøken dei er godt nøgde med!


fredag 6. mars 2009

Den skarpaste kniven i skuffa

Eg har forstått det slik at heile poenget er at kniven ikkje skal ligge i skuffa, men henge på ei magnetstang eller stå i knivblokk.

I går var eg i byen og kjøpte meg denne knivblokka som eg fekk lyst på etter å ha kjøpt nye knivar. Ved mikrobølgeomnen tek den lite plass.

Elles ser eg at eg har lagt meg i rett prisklasse når det gjeld knivar.

Kva bør ein kniv koste Arne Brimi?
- Rundt 300-400 kroner er nok. Dyre knivar er 50-årsgåver til folk som er snobbete.

P.s
VG skriv ikkje nynorsk, men eg er sikker på at Brimi ikkje har i mot omsetjinga.

torsdag 5. mars 2009

Pakke i posten

Vel heime frå fotballtrening opnar Olaug pakken ho har fått i posten: ABBA-notar for klarinett med to CD-ar til. Kanskje det vert ABBA-konsert?

Tallerkenmangel?

Når ein på Røros serverer fisk og rømmegraut på same fat, kan det vere fordi ein mangla tallerkar? Dette er festmat. Ein annan stad i boka kan ein lese det ei 90 år gamal dame skriv om gravøl:

"Det var smått stell med koppar hos folk, så dei åt ofte to og to i lag."

Elles er det ikkje så lenge sidan folk åt graut frå eit stort fat med kvar si skei.

Bok 12:Deja vu


Dette er ei bok ein føler ein har lese før sjølv om ein ikkje har gjort det. Når mysteriet i tillegg ikkje vert løyst, vert boka ein skuffelse for meg. Mankell har skrive mykje god krim. Denne skuffar. Les gjerne kva andre meiner.
Her er ein svært positiv omtale om boka.

onsdag 4. mars 2009

Klippekrans til kaffien

Dette er det siste produktet elevane får ha med seg heim. I år er påska så sein at eg tok ikkje sjansen på å vente til etter firevekesprosjektet "Brød og tallerken".

Deig:
1/2 pk gjær (fersk raud er best)
2 dl mjølk, lunken
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5 1/2 dl kveitemjøl

Fyll:
2 ms flytande margarin
2 ms sukker
1 ts kanel

I oppskrifta foreslår dei 1 rive eple. Sjølv ville eg gjerne hatt rosiner i.

Framgangsmåten er som vanleg gjærdeig.

tysdag 3. mars 2009

Aloe vera

På skulekjøkenet har vi nokre robuste plantar. Denne brekk vi greiner av viss nokon brenner seg. I går oppdaga eg at vi kanskje får blomster i år! Den er vel passeleg forsømd og mishandla. Eg tok heim ein avleggar, men den rotna av for mykje vatn.

God sørvis

Vi har funne ut at den lettvintaste måten å skaffe seg mammutbøker på, er å bestille dei frå Volda. På nettbutikken finn ein titlane, og ein får vite om dei ligg på lager. Etter eit par dagar fekk vi brev i posten om at bøkene er pakka og vil bli sendt ut 2. mars. Ein betaler ikkje porto.

Det kan hende eg skriv meir om dei ulike bøkene seinare. Eg har t.d. sett meg ut ei oppskrift på jordbærmousse.
I dag samanlikna eg rømmegrauttradisjonane i dei to tradisjonskostbøkene. Felles er at dei kokar grauten av fløyte. I telemark (Bamle) serverer ein rømmegraut med sukker, kanel, smørauge og raud saft. "Somme vil ha "grautpinne" etterpå. Det er nokre skiver spekemat med heimebaka braud (flatbrød reknar eg med)til". I Røros et ein graut med kanel og sukker på same tallerk som fisk, då med flatbrød attåt.

søndag 1. mars 2009

Økologisk veke

Denne veka er økologisk mat tema i Mat og helse. Vi skal lage pasta bolognese med grov økologisk spagetti. mange av ingrediensane elles finst i økologisk utgåve.

Det har vore mykje snakk om økologisk mat er meir miljøvennleg og smakar betre enn vanlege varer. Eg er førebudd på at elevane har fått med seg "at økologisk mat ikkje er bra". Det er noko slikt dei oppfattar. Desse änglamarkprodukta synest eg er gode.
Elles har eg oppdaga at desse posane til 3,70 er billege og økologiske. Det er i alle fall miljøvennleg med refillar!

laurdag 28. februar 2009

Apotek 2

I dag har eg vore på ein liten laurdagshandel, mest for å gå meg ein liten tur. Mamma sette meg på idéen med apoteksåper til 27,90. Handkrem i samme serie stod eg over, og angrar kanskje allereie. Slike pumpekanner er praktiske.

Mi venninne M sette meg på den andre idéen, nemleg georginer. Dei kan kjøpast som plantar, knollar eller frø. For mange år sidan sådde eg sommargeorginer. Første året hadde eg ein heil åker. Det danna seg knollar som eg tok inn om vinteren og lagra som poteter. Heilt til i fjor har eg hatt knollar etter prinsippet "survival of the fittest". Mi vennine M fekk alle dei kvite eit år. Eg likar best fargeblanding. I fjor fraus alle knollane. Eg tok dei ikkje inn i haustferien slik eg brukar å gjere, og så plutseleg kom det ei iskald natt med fleire minusgrader og tok knekken på dei.

No begynner eg altså på nytt. Så får vi sjå kva som skjer.

fredag 27. februar 2009

Magiske øyeblikk



Sommaren 97 gjekk eg og bar på ein baby som ikkje ville sove, berre skrike. Storebrødrene gjekk det alltid an å trøyste då dei var babyar. Olaug var uroleg på dagtid, og når brødrene la seg, begynte skrikinga. Den avtok ut på natta.

Berre ein dag sov ho. Den dagen Diana vart gravlagd sette eg meg framfor fjernsynet med jenta på fanget. Ho sov seg gjennom heile gravferda.

Elton John sin song er eit vakkert minne frå dagen.

P.s.
Korleis eg kom på dette i dag?
Musikk i bilen!

Mamma sin MP3

Dei som har lese bloggen min ei tid, har vel fått med seg at eg har skrytt av kor enkelt det er med MP3-spelar. Mamma fekk seg ein til morsdag, og eg hadde tatt på meg å installere den på eit blunk. Det er no berre å trykke på next, next, next og eit install innimellom.

Ja, ja, no er eg endeleg i mål. I Ørsta hadde eg publikum, og då er det ikkje alltid like lett å tenke. No har eg tatt meg ei økt her heime. Programma vil rett og slett ikkje installere seg! Eg gjekk til og med inn på philips.com for å finne programma for dei som har mist CD-en. Lyset går ikkje opp no heller.

Så spørs det om blogglesarane har fått med seg eit anna svakt pukt eg har, nemleg aversjon mot lesing av bruksanvisningar. Men der står det: Bruk Windows Media Player til å overføre musikk. Kan det bli enklare? Det er same metoden som på den vesle raude MP3-en eg hadde.

No har eg lagt inn på "En plass i solen". Mamma kan no velge seg 3-4 andre lydbøker. Dei ligg på bloggen. Eg er sikker på ho blir svært fornøgd med MP3-en!

Og så kom snøen

Med sid skodde og grått ver har det vore lite freistande å legge ut vinterferiebilde. I går hadde vi rett nok eit glimt av sol. I natt kom snøen. Det er yngstemann sin jobb å moke.



Hvorfor kjøre Skoda når man kan gå da?
Elles vil vi gratulere studenten med ny bil! Vi håper at bilen få eit langt liv og til slutt må gje tapt for elde og slitasje, ikkje ende opp som trafikkoffer.

torsdag 26. februar 2009

Bok 11: Grei nok


Eit tog sporar av. Alle passasjerane vert frakta til høgfjellshotell på Finse der stormen stenger dei inne. Unni Wilhelmsen i rullestol er ein av dei. Kven var i den bakarste "Kongevogna"? Det skjer to drap på hotellet.
---
Komplottet er spennande. Vi får ei Agatha Cristie-kjensle før forfattaren nemner ho sjølv.
---
Boka høver godt å lytte til medan ein vindauge og golv. Klesvask og stryking går som ein leik. Dei er grei underhaldning, men noko stor litteratur er ikkje dette etter mi meining. Les gjerne meir her.

Arvegods


I dag har vi hatt besøk av moldensarar. Då synest eg det er kjekt å dekke på med tallerkar og fat som vi har arva frå svigerforeldra mine. På menyen stod svinesteik og (good)is. Eigentleg burde vi vel hatt blomkålsuppe til forrett og sviskekompott til dessert. Det ville ha vore festmenyen på 50-talet.

onsdag 25. februar 2009

Sjampoar og sånt

Ein av fordelane med å ha fri på dagtid, er at ein rekk å stikke innom apoteket. På Hareid har vi eitt apotek medan dei i nabobyen har heile tre apotek på 5000 innbyggarar. Er dei spesielt sjuke der ute?

I alle fall så ser eg at dei satsar på å selje anna enn medisin. Fram til 14. mars er det halv pris på denne serien. Då kan dei konkurrere i pris med dei merka ein får kjøpt i daglegvareforretningane.

Eg har prøvd ut nokre av produkta og synest dei er deilige! Spesielt godt likar eg bodylotionen. Elles likar eg å skifte lukt på deodorantar og sjampoar. Bruker eg ein sort lenge, kjenner eg ikkje lukta til slutt.

Skulle eg pirke på noko, måtte det vere innpakninga. Eg likar pumpeflasker til lotion og dusjsåper kan godt ha noko å henge etter.

tysdag 24. februar 2009

Feitetysdag

I dag har vi kokt rømmegraut av 6 pakkar rømme og 2 liter heilmjølk. I vår familie er det rømmegraut som høyrer til feitetysdag. I svigerfamilien min var det "erter og kjøt og flesk" som var tradisjonen. Men mannen min har ingen ting i mot å gå over til rømmegraut. Det er noko av det beste han veit.
Det er tungt å røre i store gryter, så eg tilkalte karane etter tur. Berre ei hadde lyst til å røre.

(Dette bildet skulle ha vore rotert) I dag serverte vi berre spekemat "på kanten av tallerken". Elles brukar vi ofte poteter og flatbrød til spekematen. Ein kollega av meg er avhengig av "egghakk" på grauten, så her er tradisjonane forskjellige.
---
På Anlen sin blogg var det ein diskusjon om kva som høyrer til pannekaker. Her på Hareid er det vanleg med søt suppe til pannekaker. I ein diskusjon med venninnene mine var det berre ei som vil ha ertesuppe som eg. Ho arbeider på institusjon. Då eg endeleg fekk litt støtte, spurde eg "Og kva dag i veka serverer ein pannekaker og ertesuppe?" "Tysdag", var svaret. Vi var heilt på bølgelengde. Men eg er usikker på kvar eg har det frå. Er det heimanfrå eller er det i lærebøkene då vi hadde om vekemenyar?
---
Uansett er det ikkje noko som er rett og noko som er gale. Kvar må få ha sine tradisjonar. I leitinga på pannekaketradisjonar kom eg over denne i Fjordamat: "Pannekaker smakar kjempegodt til rømmegrauten. Det er noko vi må ha til", fortel dei frå Luster. "No er og vaflar populært". Vel bekomme, seier no eg!


måndag 23. februar 2009

Bok 10: Nobelprisvinnar

Boka handlar om David, ein professor som legg seg etter studentar. Slike har vi høyrt om før. Han har eit par skilsmisser bak seg, og ei vaksen jente han har lite kontakt med. Så langt føler ein at ein har høyrt det før.

Ein dag skjer det seg for David. Han er 52 år og det vert "sak" av at han har hatt eit forhold til ein av studentane på kurset sitt. David taklar ikkje dette som forventa og vert oppsagt. Han reiser på besøk til dottera.

No skal eg ikkje røpe meir av handlinga. Men eg kan love at det skjer mykje spennande og tankevekkande. Les gjerne meir her.


Forfattaren av boka fekk Nobelprisen i litteratur i 2003. Og etter å ha lese boka, forstår ein kvifor.

Boka er også filma. No spørs det berre korleis eg skal få tak i filmen. Kanskje på biblioteket?

Det er berre å klikke seg inn på hyperkoblingane for dei som er interesserte.

Sjølv veit eg ikkje kva eg skal lese no. Det må bli ein nedtur uansett.




søndag 22. februar 2009

Bollebursdag

Geburtsdagsbarnet feira dagen med å ikkje sleppe inn mål mot Aksla. Blåtrøyene vann med 5 mål. Gåvebordet var prega av DVD-ar, CD-ar og bøker. Sidan det var mykje selskapelegheit på oss i går, vart det enkel kaffimat i dag: Fastelavnsbollar med krem og syltetøy.
Mine eigne geburtsdagar har gått litt i surr for meg, men eg hugsar godt kva eg fekk til 19-årsdagen min, nemleg ei flott klokke. Då var eg ferdig på gymnaset. Klokka gjekk i over 20 år. No har eg mi 3. klokke, også den med dato, noko er eg avhengig av.

Audun 19 år

I dag 22. februar fyller Audun 19 år. Han har feira med kompisar medan foreldra var i 50-årsdag. Mora hadde kjøpt inn til taco (is til dessert og rikeleg med potetgull og brus)og var litt spent på om han greidde og ordne matlaging og pådekking sjølv. Då vi kom heim att stod det fine skåler med tacotilbehør. Dei hadde funne både tallerkar og glas! No klokka eitt driv dei og avsluttar.

laurdag 21. februar 2009

Solsikkebrød

Blogglesarane har sikkert oppdaga at eg likar å lære vekk ting. Eg håper at eg ikkje vert oppfatta som belærande. No likar eg også å lære nye ting. Dagens tips har eg plukka opp på frukost-TV: Når ein bakar runde brød er det lurt å skjere eit snitt rundt brødet. Då hevar det seg utan å sprekke. Berre prøv! Eg gjorde det før i veka. Brød utan snitt sprakk nede medan brød med snitt heva seg fint.


Prikken over i-en

Eg legg ikkje skjul på at eg likar å kjøpe kle på sal, spesielt bestekle. I går kom eg fram til at eg ville "gå igjen" i alle antrekka mine, og tok meg ei butikkrunde. Eg bar heldig og fann meg ei rimelg drakt. Men så var det sko! Alle dei gamel skorne og støvlettane ville bli heilt bygdis att åt den nette drakta. På skobutikken fann eg desse blant nyheitene og fall pladask. "Å, kunne du ikkje ha gøymt dei så eg slapp å bli misunneleg!" var Olaug sin kommentar då ho gjekk rundt i dei med strikkalestar oppi.

fredag 20. februar 2009

Noko i gjære

I morgon skal eg bake brød til eit koldtbord for 50 personar. I tillegg til valnøttbrød satsar eg på gamle klassikarar som focaccia og landbrød. Nokre rundstykke vert det nok også.

No har eg laga deig til Viestad sitt landbrød. Det la eg ut oppskrift på jula 2007. Eg burde sjølvsagt ha laga eit system med kategoriar der det var lett å finne attende til gamle oppskrifter, men her sviktar datakunnskapane.

Kva gjev feriefølelse?

I dag var den store innleveringsdagen i tiande klasse. Men litt humor må ein unne seg i kvardagen. Når alt skal skrivast og leverast på data, er det lett å få orddelingsfeil.

No har eg retta/sett gjennom eit klassesett med bøker. I tilfelle eg får arbeidslyst, har eg med meg heim eit sett bokmålstekstar og to prøvebunkar.

Før brukte eg å seie at helgefølelsen kom med Beat for Beat, spesielt viss huset luktar grønsåpe.

onsdag 18. februar 2009

Gibraltarbilde.

Då eg las den siste Stieg Larsonboka, fekk eg så lyst til Gibraltar.
No har keeperen kome att frå skuletur til Malaga. Dei hadde teke turen til Gibraltar. Kan ein sjå til Afrika?
Valutaen var gibraltiske Pund eller Euro.

Der er ca 20 000 innbyggjarar.

Dei einaste ville apane i Europa finst på Gibraltar.




Bok 9: Lettlesen og underhaldande


Vi vert kjende med forbrytaren i bok, Petter, som seksåring då han viser valdelege tendensar. Han har vorte misbrukt av mor si, og etter ein stygg episode i barnehagen, gir fostermora opp. Han veks opp på ein institusjon.
--
I boka møter vi fleire typar. Eg har fundert på korleis vi greier å halde personane og namna frå kvarandre, noko som lett kan bli eit problem i lydbøker. For det første introduserer ho dei slik at vi ser dei for oss, og for det andre brukar ho konsekvent for- og etternamn.
--
Anne B sparkar litt hit og dit. Vi forstår kva ho vil seie når ho let heimehjelpa stille med ei lang liste over ting ho ikkje kan gjere.
--
Eg likte boka. Ho er godt oppbygd. Les gjerne meir her

tysdag 17. februar 2009

Fin film - men les boka først!


Det seier seg sjølv at når ei bok på 480 sider skal bli til ein film på 1 1/2 timar, må mykje verte vekk på vegen. Filmen tek føre seg livet til Nazneen i perioden før den planlagde flyttinga attende til Pakistan. Der er tilbakeblikk til barndomen, og ho fortel om første tida til Karim. Men søstra sine brev kjem berre så vidt fram.
---
Personane er slik ein har sett dei føre seg. Og tilbakeblikka til Bangladesh viser vakker natur. Eg anbefaler alle å lese boka og sjå filmen etterpå!

måndag 16. februar 2009

Det er dumt å betale for mye!

Torsdag kjøpte vi oss, som tidlegare nemnt på bloggen, ny printer. Den var på eit såkalla kampanjetilbod til 1195,-. Det verka som eit godt tilbod, heilt til laurdag då det kjem i ei avis til 899,-.

Eg veit ikkje korleis andre reagerer på slikt, men eg følte meg snytt. Så i dag tok eg turen ut att. Eg hadde førebudd meg på kva eg skulle seie i tre trinn. Heldigvis var det nok å seie "Hugsar du meg?" og vise kvitteringa. Eg fekk att 296,-, og slapp til dømes å konfrontere dei med slagordet deira.

Pengane fekk bein å gå på i butikken ved sida av. To 25 år gamle kokkeknivar i merket Øyo er sporlaust forsvunne frå heimen. I eit par veker har eg stått med ein filetkniv med stor fare for å skjere meg. Skulle dei gamle dukke opp att, får eg sende dei med keeperen når han vert student. No har eg i alle fall slått til med nye Øyoknivar.

p.s
Det var -20% på knivane.