Endeleg har vi funne ein komfyr som passar inn i innreiinga!I tillegg til dei funksjonane vi hadde på den gamle Bosch, har den nye pizzafunkjon. For det måtte vi gje 600 kr meir enn i 1987!
I vår trudde eg at Aloharosa , eller Hawaiirosa som Øystein kallar ho, hadde stroke med i vinter. Men då burde der stått att ein rest. Så kom eg fram til at eg kanskje hadde flytta ho i fjor haust. Men kvar? I går fann eg rosa. Eg hadde sett den i næringsrik mold på ein solrik stad.




Når vi reiser til Sverige, køyrer vi forbi fleire severdigheiter som folk kjem langvegs frå for å sjå, utan å stopp. Trollveggen er eit unntak. Kvart år har vi stoppa på leikeplassen der slik at borna får klatre medan vi drikk kaffi og nyt naturen.
Vi har fått mange nyttige og kjekke gåver i det siste. I dag har eg arbeidd meg gjennom denne gåva produsert av http://www.saapesalg.com/. Nye klutar og såper gjer det kjekkare å vaske. Ein kjenner til slutt ikkje lukta dersom ein brukar same parfymen heile tida. Men eg ville lyge om eg sa at eg vart like inspirert av såpene som av brødformene.
I dag ringte eg til Ulsteinvik for å høyre om MP3-spelarane hadde kome. Nokon bomtur hadde eg ikkje lyst på i det fine veret. Jammen hadde dei skaffa MP3-spelarane! Dei var med i ein stor annonse på baksida av Vikebladet, så eg hadde kommentarar klar i tilfelle det motsette hadde vore tilfelle... Så no er bilferien redda! Dei to i baksetet slepp å høyre på foreldra sin musikk!
I dag kan vi gratulere Audun med sertifikat!
No har eg sett filmar, lytta til lydbøker og lese bøker om Varg Veum: Konklusjon?
Øystein fekk ei flott Astrup-bok til geburtsdagen sin. Eg har alltid likt bileta hans. Kanskje vi legg turen innom museet seinare i sommar? Eg har vore der, for over 20 år sidan.
Hermann stod på pensumlista til elevane eg skulle vere sensor for. Eg var litt lei meg for at eg ikkje hadde lese den. Heldigvis hadde ikkje læraren valt å lage oppgåve om den. Etter briefinga dagen før var eg innom biblioteket. Når boka låg der, såg eg på det som ein "styrelse". Herleg enkel å høyre! Oddvar Hellan er ukjend opplesar for meg. Han les heilt tilforlateleg.
No har eg lese ut denne krimboka. Eg har slite ein del med spanske namn. Kanskje det seier noko om hjernen min?What Solveig Means |
You are the total package - suave, sexy, smart, and strong. You have the whole world under your spell, and you can influence almost everyone you know. You don't always resist your urges to crush the weak. Just remember, they don't have as much going for them as you do. You are well rounded, with a complete perspective on life. You are solid and dependable. You are loyal, and people can count on you. At times, you can be a bit too serious. You tend to put too much pressure on yourself. You are relaxed, chill, and very likely to go with the flow. You are light hearted and accepting. You don't get worked up easily. Well adjusted and incredibly happy, many people wonder what your secret to life is. You are very hyper. You never slow down, even when it's killing you. You're the type of person who can be a workaholic during the day... and still have the energy to party all night. Your energy is definitely a magnet for those around you. People are addicted to your vibe. You are friendly, charming, and warm. You get along with almost everyone. You work hard not to rock the boat. Your easy going attitude brings people together. At times, you can be a little flaky and irresponsible. But for the important things, you pull it together. You tend to be pretty tightly wound. It's easy to get you excited... which can be a good or bad thing. You have a lot of enthusiasm, but it fades rather quickly. You don't stick with any one thing for very long. You have the drive to accomplish a lot in a short amount of time. Your biggest problem is making sure you finish the projects you start. You are deeply philosophical and thoughtful. You tend to analyze every aspect of your life. You are intuitive, brilliant, and quite introverted. You value your time alone. Often times, you are grumpy with other people. You don't appreciate them trying to interfere in your affairs. |
M og eg brukar å gjere blomsterkjøp i Kvalsvika kvar vår. I år var vi litt seint ute, så vi bestemte oss for å ta turen ut på planteskulen på Nerlandsøya først. Vi er flinke å støtte kvarandre. Begge enda opp med 4 rosebusker.
Sidan eg har planta opp i dei fleste krukkene mine, vart det ikkje til at eg kjøpte så mykje som vanleg på gartneriet i Kvalsvika. Flittig Lisene var 25 kr stk. God nok grunn til å kjøpe dei! Hengepetuniane skal eg plante i krukka eg fann på hageavfallsplassen. Slike hengepotter som på bildet under, heng der i stort utval. Det er berre vanskeleg å velje! Men uansett kva du vel, flotte er dei, og til 198 kr.
Vidare går turen til byen Fosnavåg. Første stopp er kaffi og ostekake. Deretter oppsøker vi omtrent same butikkane som i fjor. På eit glasmagasin fann eg 4 frukosttallerkar på sal. M viste meg ein Hadelandvase ho har ønska seg eit år. Den var på sal, så eg meinte ho måtte slå til. Ein skikkeleg "Fordi du fortener det"-dag. Og kor mykje pengar vi sparte! (Hm..)
Vel ein time etter heimkomsten, møttest vi att på den årlege ballettframsyning. Det var ein times tettpakka program. Ein ser at det ligg mykje øving og hardt arbeid bak.
Denne veka er det ikkje mindre enn tre avslutningar for Olaug. I dag sende eg faren på skuleavslutning. I morgon skal eg på konsert. Det er muleg vi stiller begge på ballett på laurdag, viss det då ikkje står ein fotballkamp eller to i vegen.
I dag har Håkon spelt kamp mot Åheim, 4-4. Juniorlaget vann 6-0 over Volda. Eg prioriterte hagearbeid. Siste hand måtte leggast på krukkene. Skvåsjen skal ut, men ikkje i steikane sol, og ikkje i kuling. Åkeren er luka og klar. Finn eg fram fiberduken, vert det vel relativt trygt å plante han ut.
Både Håkon og Olaug hadde meldt seg på 80 m i Ørsta i dag. Olaug fekk sølv. Håkon var sikra gull i og med at han var den einaste i si klasse som stilte. Han sprang frå både 13-åringen og 15-åringen og kom inn på ei god tid.
Vi pynta med raudt, rosa og grønt i dag. Fruktspyda med jordbær, druer, kiwi og pære, var populære. To jenter skulle vekk i helga, så det vart ein gjeng på åtte. Tre av dei toler ikkje kiwi. Eg trudde det var ein sjeldan allergi, men det smittar vel litt. Olaug visste om det, så vi kjøpte pærer til nokre av spyda. Elles spanderte eg tre peonar (av 4).
Anders hadde dei kjekkaste gebursdagane for 10-15 år sidan. Han vert vel 21 år i desse dagar. Nederst på invitasjonane stod det alltid "Kanskje det blir vannkrig". Heime sat to småbrødre og var misunnelege. For nokre år sidan fekk Håkon ein slik invitasjon frå Vebjørn i klassa. Han sukka, endeleg får eg kome i ein sånn geburtsdag!
Bildet er frå 3-årsdagen. Vi bruker å ta eit geburtsdagsbilde ved sidan av den gule rododendronen. Dette var det første eg fann.
Kva er det med denne karen? Kva vil han med denne boka? Hemne seg over "Norges komikerdronning". Han gjer henne sjuk, uberegneleg, uappetitleg, men også tiltrekkande. Ligg det eit hemnmotiv bak? Han vart no dregen fram kvar einaste fredag i ein periode! Kven hemna kven?
Varmen gjer at ting skjer fort i hagen. Den første peonen har sprotte ut. Dei fylte sortane vert så tunge at dei treng støtte. Denne har eg plukka inn og støtta opp med ein pinne og ei klemme. Vi skal pynte med den på fredag.
Desse små liljeblomstrane held no på å sprette ut.
Honningknoppurt må som namnet seier, innehalde honning!
Kvit valmuesøster. Både denne og den blå skal plantast om i betre jord i år etter blomstring.
Løytnanshjerte.
Peonen. Denne har de sett før. Eg ventar i spaning!
I dag var det heller kjølig på Høddvoll. Regnskyllane i går kveld hadde ikkje fare pent med rododendronane. Bakken er full av små einslege, men den har fleire knuppar, så vi får sjå.