laurdag 25. juli 2009

Mat til mange - pastasaus

Når ein skal koke til tre familiar, må ein tenke gjennom både kva panner ein har og kor mange plater ein har.

I går gjorde eg det svært enkelt. Eg tok fram den største gryta eg har (som finst i handelen?), ei Høyang gryte på 10 l. I dag har eg varma den opp med olje i for å hindre den i å ruste.

Utgangspunktet for pastasausen er ein bolognesesaus. Eg har laga det så ofte at eg har min eigen vri slik eg likar det. Prinsippet er at grønsakene skal stå og safte seg, utan tilsett vatn. Oppskrifta under kan ein variere som ein vil

6 pk kjøtdeig
4 store løkar
3 boksar tomat
1 stort glas tomatpure
1 kg rivne gulrøter
2 små rivne skvåsjar
3 finhakka paprika
2 kvitløkar (friske frå hagen)
1 ms buljongpulver (dette har visst begynt å bli fy i finare kretsar)
1 ms pizzakrydder
salt (hugs at der er salt i buljongpulveret)
pepar

Eg ville hatt frisk basilikum i, men det hadde dei ikkje i butikken.

1. Steik kjøtdeigen. Hakk den godt.
2. Hakk løken og kvitløken, gjerne med kniven i foodprosessoren.
3. Riv gulrøter og skvåsj fint. Eg brukte foodprosessor.
4. Finhakk paprikaen og ha han i.
5. Ha i resten av ingrediensane og lat dette småputre, gjerene ein time.

Eg kokte både fine og grove pastarør. Heile familien er ikkje overbevist om at grovt er best.

I følgje Olaug likte den komande førsteklassingen dette svært godt. Kokken hadde i alle fall kamuflert grønsakene godt. Nokre ungar reagerer på løkbitar. Eg brukar å ta fram stavmiksaren (den vesle bollen med kniv til)på skulekjøkenet når elevar spør om å sleppe løk. Når dei får mose løken, et dei fleste løk.

Som de ser, er dette eigentleg lett og mager mat. Ein har god plass til dessert etterpå!

4 kommentarer:

Besta sa...

Gryteretten vart sjølvsagt god, skulle berre mangle når familiens sjefskokke slår til.Men ein måtte hugse på å lage plass til dessertane også.Dessert er relativt sjeldan her i huset.

solveig sa...

Dette er no eigentleg ein kvardagsmiddag, så desserten får vere "festen". Eg trur folk skulle unt seg litt dessert innimellom og kutta ut snopinga. Du kan ete bra mykje mjølkepudding i forhold til sjokolade, viss du reknar kaloriar.
Mange ungar har i seg utruleg mykje sukker som kun gjev kaloriar, ikkje mettheitsfølelse.

arieldog sa...

Kjempegod gryterett - eg synest godt at ein kan koke grov pasta, men då helst som skruar eller rør, og ikkje vanleg spagetti. Den komande førsteklassingen fekk påfyll opptil fleire gonger. Dei to mellomste likte òg maten - eg har i tidlegare år kjørt tilsvarande grønsakssausar i food processor og deretter tilsett kjøt. Då er det ingen som finn bitar av noko som helst anna enn kjøt, og det likar dei.

solveig sa...

Retten kan varierast i det uendelege. Eg likar godt ringar av purreløk i, og litt sellerirot når eg har det i hus. I går la eg vekt på at den skulle vere barnevennleg. Kvitløk gjer underverker, men eg brukar å kutte det ut i vekene når eg veit eg skal tett på folk.