laurdag 4. juli 2009

Ekorn

Ekorn har vi ikkje på Hareid. Så vi synest det var artig at det dukka opp ved nabohytta.


Det var eitt av desse bilda som skulle ha vore på innlegget under. Det går litt fort i svingane her. Vi har tidsavgrensing på internettoppkopling her.
For dei som vil skrive til oss, betyr det at vi kjem til å opne e-mail og lese bloggkommentarar kvar ettermiddag/kveld.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt at de har vore inne på bloggen. Eg er innpå data kvar gong eg treng ein pause frå sola og det framleis knallvarme veret vi har hatt i over ei veke.I dag orka eg ikkje å ligge på altanen før klokka var ca 1/2 6, så eg tok heller å reinska ugras i rosebeddet. No er det meldt meir skyer og regn både her og der, så då salar vi vel på og fer til Sverige vi også. Orkar ikkje å sitte inne i bilen i denne varmen.Pappa har henta heim båten i dag og vaska den både under og oppi.

Elin sa...

Ser ut til at de har det fint! I dag har eg coola han heilt ned heime, sit på nordaltanen der det ikkje er sol og med litt gust frå sjøen. Eigentleg burde ein ikkje klage over varmen, det er nokre få dagar, og det var det, liksom...
Kos dokke i austerled!