måndag 23. mars 2009

Litt svolten?

Forrige veke hadde vi det vi kallar "Vegetarval" på skulen. Då får elevane velge vegetarrett sjølve. Eg bestilte brosjyren "litt sulten" her. Det vart mykje pizza og pizzasnurrar, men nokre valde å lage tomatsuppe frå grunnen av.
Inspirert av elevane mine laga eg tomatsuppe til kveldsmat i dag. Eg starta med å surre løk til han vert blank.
Det tek ikkje stort lengre tid å lage ei slik suppe enn det gjer å lage frå pose, så det er berre å sette på egg til hardkoking. Eg kjøper egg rett frå gard. Dei er gode heile året, men eg gler meg til hønene begynner å vere ute og ete gras.

Med stavmiksaren vert løk og hakka tomatar frå boks til puré. "E de heimelaga tomatsuppe?" kjem det frå gourmetguten i familien. "Ja, likte du ne?" No kjem vel den knusande dommen, tenkjer kokken. "De e i alle fall bedre enn sånn anna."
---
Eg følgjer alltid oppskrifta første gongen. I dag laga eg den litt meir etter eigen smak. Eg likar den litt skarp med kun litt mjølk. Borna kan ha litt kald mjølk i for å kjøle ned suppa viss dei vil. I morgon skal eg gå rundt og puste på folk, så eg kutta ut kvitløken. Det forringar litt, men ein kan ha i ei klype sukker for å få litt av søtsmaken.


Vel bekomme!
P.s.
Laurdag serverte vi karbonadesmørbrød til blomkålsuppa. I dag vart det "berre" vanleg brød.



6 kommentarer:

Besta sa...

Forstår at eg må til å bruke stavmiksaren min! Eg gløymer at eg har han.Sjelden at eg lagar tomatsuppe, men heimelaga er godt. Sidan eg ikkje har ungar her no, lagar eg den etter vaksen smak med hermetiske tomatar, kvitløk og kva eg elles finn på å ha i.Eg har lært at ein alltid skal ha litt sukker i mat som inneheld tomat.Kvitløklukt er det beste eg veit.....også av folk!!! Det er eit spørsmål om kultur. Eg brukar alltid den heile kvitløken, den er mindre smak og lukt på, så ein kan ha i meir.Kvitløk er sunt!

solveig sa...

Eg skal gå rundt å veilede ved datamaskinar i store delar av morgondagen. Dei skal førebu seg til to tentamensdagar i norsk.
Eg er veldig glad i kvitløk i mat, men tek omsyn av og til. Ein vil ikkje vere den læraren som luktar.

Anlen sa...

Eg burde prøve å lage "skikkeleg" tomatsuppe, for jentene elskar den vanlege posesuppa, og vi andre syns det er lite godt...

Kanskje vi hadde likt den andre versjonen?

solveig sa...

Det er no berre å prøve! Ungar likar betre kvitløk enn løk. Det er no berre å prøve seg fram. Men det kan bli ein nedtur for Torotilhengarar. For meg er det ein opptur.

Pål André sa...

Trur ej ska anbefale dinna til ne mor. Forresten so syns ej at ej kan høyre gourmetguten bedømme suppa - fantastisk!

solveig sa...

Det er tredjemann som går for å vere gourmet. Frå han var liten har han hatt heller vaksen smak. I 2-årsalderen fekk han skryt på hotellet for han likte maten t.d. brokkoli og blomkål. Seinare oppdaga vi at det er noko som heiter barnemeny.