måndag 31. mai 2010

No har eg gjort det igjen ...

Eg har sagt ja til å vere med på ei marknadsundersøking.  Spørsmålet som kom for ei veke sidan var om eg kunne tenke meg å få tilsendt Dagbladet og VG med magasin og svare på nokre spørsmål. Jaudå. Vi er svært glade i aviser her i heimen.  Og det er greit med alt som er gratis.

Laurdag kjøpte eg ikkje aviser. Det kunne hende eg fekk dei likevel!  Kva skjedde? Laurdag kom desse avisene i posten.  Av ein eller annan grunn vart dei ikkje pakka ut før i dag.  Så eg ante fred og ingen fare, og sette meg ned med avisene og magasina.  Men så begynte eine magasinet og virke litt kjent!  Kva ser eg?  Avisene er frå 8. mai. Er det lov å føle seg litt snytt?

3 kommentarer:

Besta sa...

Ærlig talt!!!! Eg hadde i alle fall ikkje svart på spørsmåla. Eg vart oppringt av ei dame for litt sidan, og svarte villig på spørsmål om TV. radio, aviser etc. Så spurde ho om å få sende meg eit "sørreskjema". Eg sa at sist eg fekk eit slikt om hende, var det tjukt som ein telefonkatalog, så eg var lite interessert viss det var den typen. Ho blei litt stuss, men spurde om ho i alle fall kunne få lov å SENDE det. Det fekk ho, men det var akkurat slik eg hadde tenkt, eit digert hefte. Eg kjem ikkje til å svare.
NB:Gamle aviser er heilt verilause, og det veit dei som sender dei ut også!!

Besta sa...

"Spørreskjema"-sjølvsagt.

solveig sa...

Eg sa nei sist med grunngjeving: Er det eit tjukt hefte så lovde eg meg sjølv i fjor at eg skulle seie nei neste år!
Magasina kan no lesast måndag frå laurdag, men det går ei grense.
På toppen av alt kjem det eit skjema med spørsmål frå Dagbladet sitt magasin fredag 28., rett nok frå eit anna firma.