tysdag 25. mai 2010

Kan dei etast?

"Er dei etande?" var det første spørsmålet eg fekk då appelsintreet kom i hus.  Eg var sjølvsagt rask til å svare:"Dei skal ikkje etast.  Dessutan er dei sure!" Kor sant dette er, veit eg ikkje.  Men så begynner eg å lure på om dei er trygge å ete.  Eg meiner Finn på Fruskost-TV sa at ingen norske plantar skal ha gift i seg etter 14 dagar.

No står appelsintreet ute og kan sjølvsagt freiste ein forbipasserande på vegen. I fjor forsvann eit par blomsterhovud som stod nær vegen.  Det er slikt som høyrer med til å ha små jenter til naboar, trur eg.  Men eg vil no ikkje at nokon skal få i seg farlege sprøytemiddel. 

2 kommentarer:

Besta sa...

Synest at dei appelsintrea som er til sals no har større frukter enn dei vi hadde før i tida.Ja, plantane er vel større dei også. Trur neppe appelsinane er giftige, men om dei er gode finn ein berre ut ved å smake. Trur eg ville SAGT at dei var giftige, sånn for sikkerheits skuld.

solveig sa...

Eg har fått beskjed om at vi i alle fall må ha appelsiner i kjøleskapet!