onsdag 19. mai 2010

Bok 20: Pengemannen


Det skjer fleire mord i Oslo.  Det mest oppsiktsvekkande er mordet på ein kvinneleg biskop.

Politimannen Yngvar Stubø er sett på saka, medan kona, kriminologen Inger Johanne Vik, som forskar på hatkriminalitet, finn samanhengar.

Finst det grupper som vil drepe homofile?

Anne Holt byggjer opp ei historie med mange forgreiningar.  Ho greier og det kunsttstykket å presentere personane slik at det ikkje går i surr for ein lesar eller lydboklyttar.  Personane er interessante, og nokre av dei kjenner ein frå tidlegare bøker. Oppklaringa er logisk. 

Alt i alt likte eg denne boka god!  Les gjerne meir om boka her.

1 kommentar:

Besta sa...

Anne Holt har aldri vore blant mine favorittar, men eg skal ikkje uttale meg om det eg ikkje har lese. Det blir lite lesing med meg for tida, det er mykje anna å styre med.Og når eg prøve å sole meg med bok på øyret, somnar eg tvert.