torsdag 18. februar 2010

Solveigs skjulte sider 1

Det begynte med kulden.  Det vart vanskeleg å finne varme nok vottar.  Berre Olaug sine tova vottar som Besta strikka då 6. klassingane skulle til Dombås i fjor, heldt mål.

Så sat ein av kollegaene mine og strikka Blåfjellvottar.  Det såg så enkelt og kjekt ut!  Eg investerte i trepinnar og garn.  Olaug fekk velje fargar sjølv.  Dei til høgre i cerise og raudt har ho strikka.  Vi tova dei i maskina på 40 grader.  Vottane til venstre har eg strikka.  Besta kom både med mønster og tråd.  No er dei i maskina.   Det vert spennande.

Eg synest det er veldig kjekt å strikke.  Eg skulle ønske skuldra mi ikkje sette stoppar for aktiviteten.  No har det gått heilt fint, berre eg har vit til å strikke ein vott i veka.  Handarbeid var alltid yndlingsfaget mitt på skulen.  I ungdomsskulen på 70-talet kunne ein ha både tre timar valfag og tysk.  Slik skulle det ha vore no og dersom eg hadde bestemt. 

6 kommentarer:

solveig sa...

Vottane vart passelege etter maskinvasken, kanskje litt lite tova, men det er betre enn for mykje.

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine vottar! Eg hugsar godt korleis du strikka før i tida! Eg hugsar spesielt godt eit sokkepar som eg fekk til jul ein gong. Dei og var raude, med mønster i fleire fargar oppe. Hadde dei i fleire år, kjempegode! Synd du har problem med skuldera no. Eg er glad så lenge eg kan halde på, men er av og til i tvil kor lenge det vil vare.

Anlen sa...

Ingenting slår tova vottar:) Det er så varmt og godt!

Besta sa...

Eg har to par blå, tova vottar, str. stor gut, liggande som du skal få sundag.Det som er "feilen" når ein strikkar vottar og lestar, er at ein ser muligheita for å bli fort ferdig.....og så overdriv ein.

Ingvild sa...

rett flotte vart dei,Solveig :)

solveig sa...

Takk, takk!