fredag 12. februar 2010

Shopping og handling

I dag har eg vore i næraste by og shoppa. Dei fleste har vel fått med seg at eg ikkje er nokon stor tilhengar av Halloween og Valentine. Sånn sett er det greitt at Valentine fell på morsdag.  Men desse serviettane fall eg pladask for!  Til jul gav eg vekk mange ostehøvlar.  Kvifor?  Fordi eg trong det sjølv sjølvsagt.
Handelen gjorde eg på Hareid til slutt.  Viss nokon eg glad i havregryn, så kan eg anbefale desse.  Dei smakar heilt fantastisk samanlikna med vanlege typar.  Dei er økologiske og merka med "Norsk kulturarv".

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har sett desse havregryna på butikken, men hadde så rikelig på lager at eg har ikkje kjøpt. Dei er sikkert gode når dei kjem frå Mylna i Volda.

Besta sa...

Apropos så kjem morsdag også frå USA.