laurdag 27. februar 2010

Pølse+fest=sant?

Ein av matvarebutikkane her reklamerer med pølsefest. Sei meg, kva har pølser med fest å gjere?  Ikkje noko spør du meg. Finst det noko meir kvardagsleg enn grillpølser? Ein av karane her krangla med mor si om arbeid+glede heng saman.  Eg reknar med han har fått oppleve arbeidsglede.

Eit par pakkar pølser datt likevel ned i handlekorga saman med eit par pakkar lomper.  Det kan vere greit å ty til etter ein lang arbeidsdag.  Men kva skjer?  Dei vil til å loppe meg for pølsene med ein gong! 

Det er vel ikkje lenge til det dukkar opp påskegrillpølser til ein billeg penge.  Då startar grillsesongen, om ikkje før. Til jonsok ber ein oftast om nåde.

1 kommentar:

Besta sa...

Veit du- eg har aldri smakt pølse med lompe! Det fristar liksom ikkje. Og eg som elles er villig til å prøve det meste når det gjeld mat.
Det finst mange slags gode pølser, men grillpølser er ikkje blant favorittane.