tysdag 2. februar 2010

Namnet skjemmer ingen ...

... heiter det.  Alle foreldre vel vel det dei synest er finr namn til sine born.  Heldigvis har folk ulik smak.  Før eg fekk born hadde eg to yndlingsnamn: Erlend og Ingrid.  Ingen av våre born har fått dei namna.  Der er mange omsyn å ta.

Mange vil gjerne kalle opp att.  I følgje skikkane i "Kristin Lavransdatter" skulle ein ikkje kalle opp att folk som lever.  Det har vi gjort to gongar.  Eg veit ikkje om det har med overtru å gjere, eller om ein er redd for at born skal ha fordelar av namnet sitt.

Her i huset er det vel berre ein som har ein liten fordel av namnet sitt ... 
Spørsmålet hans var: Kor tid begynte kongane å skrive namnet sitt med to a-ar?  Inni øskja ligg svaret: Kong Haakon den 7. og kronprinsen har denne stavemåten. Kvifor? For dei som har ein internasjonal jobb, kan det vere ein fordel å kunne stave namnet sitt på engelsk.  Skulle ein kome i ein situasjon der ein ønskjer å endre namnet sitt, er det enkelt å berre fylle ut eit papir.  Nye bankkort, pass og førarkort må ein vel og skaffe seg. 


Då eg venta nummer fire, hadde vi namna klare slik vi alltid hadde.   Rett nok hadde vi sagt på tøys at dersom det vart ein gut, skulle han heite Bror.  Men det skulle bli Olaug eller Vebjørn.

Om ingen her i huset heiter Ingrid, Erlend eller Vebjørn, så gjer det ingen ting.  Ein skal ikkje langt ut i slekta for å finne dei namna!

7 kommentarer:

Anlen sa...

Det er alltid spennende å sjå kva nyfødde born skal heite:) Av og til stussar eg veldig på kva slags tankar foreldra gjer seg.... Men det er vel rett at namnet ikkje skjemmer nokon?

solveig sa...

Det kan no vere ein fordel å sleppe å stave namnet sitt. Men ein venner seg til alle namn. Eg har stussa av og til ved elevnamn, men så viser dei seg å vere kjempekjekke, og åtferda betyr mykje meir enn namnet. Ein kan vel skjemme namnet - eller ikkje?

Besta sa...

Kva namn ein likar avheng av så mykje; kva som er in i tida og kva alder ein sjølv har. Ein namneforskar eg høyrde på TV sa at ein aldri skulle spørje besteforeldre om råd, for namna dei likte var gammeldagse, og dei namna som er in i tida vil besteforeldra oppfatte som gammaldagse. Og det er sant.Elles synest eg at barn skal ha namn som ikkje merker seg altfor mykje ut.Og elles meiner eg at mange namn som vert brukte i dag er til overmål SÆRE.Eg likar best tradisjonelle norske namn !

arieldog sa...

Ingeborg skulle heite Håkon viss ho hadde vore ein gut! Det er mange omsyn å ta, spesielt med tanke på etternamn. Ein vil gjerne unngå at nokon får identisk namn med nokon andre. Elles har eg gjort same erfaringane som deg når det gjeld elevar - helst i positiv retning, for min del.

solveig sa...

Det har vel vorte sagt i enkelte tilfelle at enkelte namn er ikkje namn, men diagnose...
Men så dukkar det opp ein kjernekar med same namn. Bra at namn er ulike, men uttale og skrivemåte av enkelte namn på lærast ...

Besta sa...

Eg er veldig fornøgd med namna til barnebarna våre, sjølv om eg var litt skeptisk til eit par av dei i UTGANGSPUNKTET.
Det eg ikkje likar er utanlandske namn, t.d. engelske og franske, uttalt på norsk. Eg skal ikkje nemne døme i redsel for å såre folk.

Besta sa...

Maskina var så treig at eg trykte fleire gonger.......Derfor måtte eg slette to av dei tre identiske kommentarane.