søndag 7. februar 2010

Naanbrød - perfekte denne gongen?

No har eg baka naanbrød som eg vart nokonlunde førnøgde med.  Uansett kor eg bakar, vil det bli ei norsk utgåve av desse brøda.  Eg har verken indiske ingrediensar eller indisk bakaromn.  Dette vert altså naanbrød - slik vi likar dei.
Denne gonge tok eg fram "Brød fra hele verden" og fann ei oppskrift der.  Eg hadde verken finbakst eller usalta smør i huset, så eg brukte vanleg mjøl og vanleg smør og reduserte på saltet.  Har ein ikkje yogurt, kan ein sikkert bruke 3 dl surmjølk.

2 ts tørrgjær
2 1/2 dl mjølk
3 ms yogurt naturell
500 g kveitemjøl (finbakst)
3/4 (1 1/2) ts salt
1 ts sukker
30 g smelta smør
Eg knadde deigen i brødbakemaskina og let han heve til dobbel storleik.  Deretter delte eg deigen i fire emne som eg forma runde.  Dei fekk kvile i 5 minutt  ...
... før eg kjevla dei flate.  Deigen er "stirrig" og trekkjer seg saman.  Emna fekk derfor kvile i 5 minutt til ...
... før eg kjevla dei så store at dei dekte nesten ei halv plate kvar.
Så fekk de heve til dobbel storleik att. Eg pensla dei meg mjølk og prikka dei med gaffel slik Wenche gjorde på frukost-TV.  Dette stod det ingen ting om i boka mi.

Brøda steikte på 250 grader i ca 10 minutt.  Her må ein passe på!  Når dei er steikte, legg ein dei i stablar under ein handduk slik at dei held seg mjuke.

Eg trur desse brøda ville ha falle i smak på skulekjøkenet.  Når vi har laga tamilsk mat har eg sakna brødbaking.  Det gjeld å ha arbeid til alle.  Då ville eg kanskje ha delt deigen i 12 emne og laga porsjonsbrød, 6 på kvar plate.

Eg er mottakeleg for konstruktiv kritikk!  Her er eg ikkje utlært!

2 kommentarer:

Milena sa...

He ikkje sett Wence laga nan brød,men det ser ikkje ut som nan brød:-)
i min indisk oppskrift skal man bruke bakepulver og litt gjær,2 1/2 dl yougurt,olje og ikkje smør og dei skal være tåreformet leiv ca 1/2 cm tjukk.
Sett under grillen til ein forvarma oven 275 gr i ca 1/2 minutt på kvar side og holdes varme under aluminimusfolie.

Milena sa...

Admin er meg,Milena...rot med bloggen,he he