onsdag 10. februar 2010

Miljøvennleg?

Endeleg har Coop-kjeden forstått at dersom folk skal bruke miljønett, må dei vere betre enn plastnetta.  Dei nye er sydde i bevernylonstoff og har normal storleik.  Dei som har prøvd å bruke dei svarte dei har gitt vekk gratis innimellom, forstår kva eg snakkar om. Vi bruker dei til å samle tomflasker i.
Denne typen meiner eg er best.  Dei veg omtrent ingenting og er i lett "regndresstoff".  Dette er frå meny, men både Kiwi og Rema 1000 har dei i grelle fargar.
Observante blogglesarar har kanskje fått med seg at faren i huset har sagt at når vi får ny garasjeport, kan vi ha katt i garasjen.  Eg fall for dette på Nille.  Det er midt i blinken til å henge på ei knaggrekke på rommet med ein eller annan aktivitet oppi, kanskje eit strikketøy?

3 kommentarer:

Besta sa...

VI har to svarte nett av den typen du snakkar om, og brukar dei kvar gong vi er på butikken. Det eine vert i alle fall fullt-oftast begge. Og vårt hushald tel to personar! Men det er ein fordel at han som må bere er litt høgare enn eg.VI er svært godt nøgde med dei svarte netta!

solveig sa...

Prøv å ha 10 l mjølk i eller 10 kg frukt! Dei er for store i høve til tyngda dei toler. Det er no mi erfaring.

Besta sa...

Du må ha to nett og ta litt tungt og litt lett i kvart, forstår du????
Det er ikkje netta det er noko i vegen med.