måndag 22. februar 2010

Lær å like kyllingkjøtdeig - del 2

I dag var vi berre tre til middag, og eg tenkte vi kunne ete litt frå frysaren. Eg brukte minestronesuppeoppskrifta i frå nye "Frå bollar til burritos".  Eg steikte (litt for svak varme, så den vart helst kokt) først kyllingkjøtdeigen.  Så surra eg bitar av potet, gulrot og purreløk.   Eg hadde ein heil kinesisk kvitløk i.
Deretter hadde eg i resten av ingrediensane: Ein buljongterning, ein boks tomatar (+ like mykje vatn, 4 dl), 1 ts oregano, salt og pepar.  I staden for makaroni hadde eg i litt kvite bønner frå frysaren.  Eg kokte ein pakke som eg hadde kjøpt på ein innvandrarbutikk for ei stund sidan, og fraus ned i små porsjonar.  Suppa vart god den, men hadde nok vore minst like god med vanleg kjøtdeig ...

3 kommentarer:

Besta sa...

Apropos - så var der ei kyllingoppskrift på Gunda sin blogg som eg fekk lyst å prøve.Men det var med kyllingbryst.Vi har ikkje meir svenskekylling igjen!!!!

solveig sa...

Eg har frosen 2 kg frå X-tra, ca 75 kr kiloen på Prix.

Besta sa...

Eg har råd å kjøpe kylling til markedspris, men det irriterer meg å betale mykje for det som andre stader/ andre tider er veldig billig.Så eg ventar til eg får tak i til rimelig pris. Kyllingen ernesten som poteta, kan brukast til det meste.