torsdag 25. februar 2010

Inspirert ...

... av Alt godt si kyllingform, hadde eg middagsplanen klar. Men på min veg bort til kyllingkjøtdeigen, dumpa det ei svinesteik til 20 kr kiloen oppi handlevogna ...
Eg skar vekk svoren og feittet og delte steika opp i skiver.  Eg krydra kjøtskivene med Cemo stek- og kotelettkrydder.  Salt og pepar går heilt fint sjølvsagt. (Eg veit ein bør ha mindre kjøt i panna om gongen.)
Eg tok dei grønsakene eg hadde og delte opp.
Deretter la eg grønsakene opp i Nowo-steikepanna. Eg hadde litt salt og oregano oppå grønsakene. Kotelettane la eg oppå, og til slutt helte eg i ein boks tomatar.  Eg hadde lok på panna og sette henne inn steikeomnen ca 45 minutt.
Eg serverte poteter til. Neste gong eg lagar retten, kjem eg til å skjere poteter i skiver og ha oppi.  Her vart rikeleg med væske.  Ein kan gjerne servere brød til.

3 kommentarer:

Besta sa...

I dag kjøpte eg Cemo-krydder til 20 kr boksen på apoteket:Kalkunkrydder og ribbekrydder.Dei hadde ikkje så stort utval.
Elles ville eg steikt svinekjøtet i eige feitt, og heller fjerna det etterpå. Det er i feittet smaken sit, veit du.

solveig sa...

Her er så mange smakar! Kvitløk gløymde eg rett og slett ...
Elles er dette ein svært mager rett.

Alt godt sa...

Mmmm! Dette såg deilig ut. Så fint at eg kunne inspirere! Og du gjer som meg, hamnar på ein annan planet enn den som inspirerte deg. ;-)