måndag 15. februar 2010

Forfattarbesøk

Til helga kjem Christine De Luca til Ivar Aasen-tunet i høve morsmålsdagen.  Arrangementet er komande søndag.  De kan lese meir i Vikebladet.

Laurdagskvelden har vi invitert henne hit.  I tillegg kjem ein del vener og kollegaer.  Så spørs det kva ein serverer i eit slikt høve?  Kva er typisk norsk som utlendingar liker?

7 kommentarer:

arieldog sa...

Spekemat, kanskje? Eller noko liknande? Eg veit ikkje om du veit at eg er invitert eg òg...

solveig sa...

Jau, der vert mange (eks)kollegaer av deg og! Vi gler oss!

arieldog sa...

Eg har akkurat klarert med min mann slik at eg får fare! Tek gjerne med eit bidrag til matabordet, anten av søtt eller salt...

Besta sa...

Det kjem litt an på kva ho har fått å ete før på dagen.Dersom ho ikkje har fått middag, ville det vel smake med noko varmt? Ein gryterett av eitt eller anna slag- brennsnut t.d.Eller Brudevollmør?
Spekemat er sjølvsagt eit godt alternativ.

Besta sa...

Du kan no få hjort med oss om du vil lage hjortegryte, men det er vel ikkje direkte safe?

solveig sa...

Eg vil ikkje eksperimentere for mykje, trur eg. Vurderer suppe. Då får folk lyst på kaffimat.
I følgje enkelte kritiske blogglesarar er suppe betre enn irsk stuin.
Trur det vert ete kraftsuppe i heile Nord-Europa i alle fall.

arieldog sa...

Suppa di er nydeleg! Og det passar godt med suppe og kaffimat.